Adresse: Herøy Kystlag, Pb 39, 6099 Fosnavåg
E-post: robert@voldnes.no 

 
 
 

Årsmelding for 2012

Årsmelding, Herøy Kystlag for 2012.

Fylgjande aktivitetar har skjedd i kalenderåret 2012. Det har vore eit spanande år for laget som er inne i ei endringstid der særleg vidare utvikling av SLIPPEN som museum står sentralt. I tillegg til oversikta under har styret arbeidd med mange og viktige saker som t.d. vidare skjebne til MK "Gudrun". Vi ventar og pdd. fortsatt på utspel frå Kystverket på søknad om løyve til å legge ut meir brygger ved Slippen. Sal av fleire brygger er difor lagt på vent. Pdd er der tre betalande kundar ved brygga på Slippen. Kring 1800 timar med dugnad har blitt utført av elevar frå HVS i dette skuleåret.

Januar; "ERKNA" vert førd til Tjørvåg av Arnfinn Karlsen. Han tek over tilsynet, HK eig forstsatt båten.

Februar; Sildearbeid. Silda sponsa av Fosnavaag Seafood. RAPP motor henta i Igesund (Alf Igesund), Snekka DUELL henta med lastebil frå Eggesbønes og plassert på Slippen.

Mars; Oppussing av DUELL og Lettbåten, påkjørsel og skader på gjestebrygger i sentrum. Sal av boknasilda.

April; Årsmøte avhelde på Slippen - med film og bilder etterpå. Ståldeler til brygger produsert. Lettbåten ferdig og sjøsett. Besøk frå Huldal Barnehage.

Mai; Dugnadar på brygger i sentrum, Egersund sponsa dette arbeidet med 10000.- DUELL ferdig og sjøsett (rakk kronprinsbesøket der HK hadde ansvaret for bryggene. Olympic, REM, Havila og Bourbon sponsa med tilsaman 8000 til utstyr til DUELL.

Juni; Duell og Lettbåten på maritim sommarfestival i Fosnavåg. 8 de klasse på besøk på Slippen.

Juli; litt slipping.

August; Deltaking på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik med Duell og Lettbåten, samt telt med motorar etc. Elevar ved HVS tek til med prosjekt "slippvogner og skinner " på Slippen. Jostein Skar er lærar.

September; Makrellfestivalen – bilder og film i sentrum. Folk frå Bjørkedalen hit og ser på "Gudrun", Prøvde å flytte "Gudrun", men ho var for tung. Div. dugnader på Slippen. Planering i båtskuret med maskin. Rydding.

Oktober; tok i mot motorsamling frå Kvamsøya. Stål kom til vogner på Slippen -spons frå Kleven.

November; Reolar frå Fristads (Herøy Kommune) henta og monterte på Slippen, fiks av lys på kaia, og stiger på bryggen der.

Desember; div. forefallande arbeid på Slippen. Kommuna sponser oss med 10.000.- til bilder og film.

Styret; Har avhelde 10 styremøter i 2012, (11/1, 8/2, 21/3, 13/4, 2/5, 16/5, 6/6, 21/8, 27/9, 1/11, 6/12) .

Årsmøtet var den 13/4
Antall medlemmar pr. 01.12.12. er 60.

2012 2011 Økonomi;

Driftsinntekter 232.030.- (213.788.-)
Driftskostnader 215.518.- (231.656.-)
Driftsresultat 16.512.- (-17.868.-)

* særleg var utbetaling frå Gjensidige i samband med bryggeskade med på å rette opp dette resultatet.

Bankinnskot ved årsskiftet var kroner 24.200.- (26.187.-)
Lånet på Slippen er kroner 319.931.- (332.276.-)

Styret har sidan årsmøtet i april 2012 bestått av;
Robert Voldnes (leiar), Asbjørn Endresen (NK), Arnstein Selvåg og Hallstein Frøystadvåg. Vara vart ikkje veld.
Jostein Skar har vore kasserar; Britt Unni Sporsheim revisor, Jan Ove Aarvik og Svein Sporsheim vart veld til valnemd.