Adresse: Herøy Kystlag, Pb 39, 6099 Fosnavåg
E-post: robert@voldnes.no 

 
 
 

Fosnavåg Gjestebrygge , gjestebrygger i Fosnavåg

Vi er og på Facebook !

Når ein ferdast langs kysten, ligg Fosnavåg midt i leia, like nord for Stadt.

Fosnavåg Gjestebrygge består av tre bryggeanlegg i ytre havneområde - midt i sentrum av den koselege kystbyen Fosnavåg.

Også den nye betongbrygga ved Thon Hotel Fosnavåg høyrer til dette anlegget og kan nyttast av gjestar.

I Fosnavåg sentrum finn ein stor kolonial (Meny), dei fleste typer butikkar, frisørar, post i butikk (Meny), restaurantar, hotell, kafeear, kioskar, minibankar og vinmonopol.

Eit besøk til det nye badelandet "Sunnmørsbadet" i Fosnavåg er eit besøk verdt.

Elles er der og mange fine fjelltoppar å gå på for dei som likar det

Diesel får du i enden av bryggeanlegget. Her er nye pumper med bankkort-automat. Bensin får ein også i området.

På bryggene er der sjølvsagt straum og vatn.

Fosnavåg Gjestebrygger vart etablert i 2002, og vert dreve av Herøy Kystlag. Inntektene går til vedlikehold og drift av anlegget og elles til kystlaget sine øvrige aktivitetar.

All betaling og registrering foregår i resepsjonen på THON HOTEL !

Velkommen !!