Adresse: Herøy Kystlag, Pb 39, 6099 Fosnavåg
E-post: robert@voldnes.no 

 
 
 

Fosnavåg og Herøy

dscn1560.jpg

Fosnavåg er kommunesenteret i Herøy Kommune på Sunnmøre.
Herøy har lenge vore ei av landets største fiskerikommuner, og er no også tyngdpunktet innan offshore/supply og kystvakt.  Mange reiarlag har sete i Fosnavåg og båtane som høyrer til her opererer over heile verda.

Fosnavåg har som ein forstår ein sentral plass i den "maritime klynga" på nordvestlandet, og vart dessutan kåra til Norges næringsby nr. 1 av bladet Kapital både hausten 2008 og 2010 !

I tillegg til dei nevnte offshore og kystvaktskipa har Herøy ei stor flåte av moderne pelagiske snurparar,  reketrålarar, autoline-båtar og nordsjøtrålarar. Her er også brønnbåtreiarlag. Her er også ei stor flåte av kystfiskebåtar og sjarkar, og ikkje minst ei svært stor flåte av fritidsbåtar i alle storleikar.

På land finns fleire anlegg for fisketilverking, både pelagisk og kvitfisk. Oppdrett av laks og ikkje minst verdas største slakteanlegg for laks som ligg på Eggesbønes.  Elles fins røykeri for sild (slow food), klippfiskanlegg, notbøteri, trålverkstad, fiskevegnfabrikkar, produsentar av lystbåtar og arbeidsbåtar i plast, skipsbyggar og designfirma og mekaniske verksemder med produkt som går til store deler av verda.

Ein kan trygt seie at Herøysamfunnet er eit samfunn i "godt driv".  Fosnavåg som er kommunesentert ber også preg av stor sentrumssatsing sinste 10 åra.

Kring 8.500 bur i Herøy Kommune.

Hurtigruta har stoppestad i kommunen (Torvik), og etter at Eiksundsambandet vart åpna er området landfast med Ørsta/Volda regionen og flyplassen i Hovdebygda.

Den største og mest kjente turistattraksjonen i kommuna er nok fuglefjellet på Runde, der det i 2009 har kome eit nytt og spanande forskingssenter.  Men også badelandet i Fosnavåg, dei mange festivalane året rundt, samt sogespelet "Kongens Ring" som stiftinga Herøyspelet skipar til første helga i juli dreg mange folk til Herøy og Fosnavåg.

Næraste nabokommuner er Sande og Ulstein.

kvalneset.jpg