Adresse: Herøy Kystlag, Pb 39, 6099 Fosnavåg
E-post: robert@voldnes.no 

 
 
 

"Frå vikingskip til dieselelektrisk-multifunksjonelle fartøy"

Landsstevnet til Forbundet KYSTEN vert arrangert årleg. Stevnet vert lagt til ulike stader langs kysten, og er eit av dei viktigaste utstillingsvindauga til Forbundet KYSTEN. Forbundet Kysten har som mål å bevare og auke interessa for kystkultur i Norge .

Dette er ei stor begivenheit for medlemmer og andre interesserte som ofte kjem langveges - ofte frå med tradisjonelle fartøy- for å delta. Herøy Kystlag håpte å fylle opp havna i Fosnavåg med tilreisade båtar, og at folkelivet i Fosnavåg skulle overgå alle tidligere arrangement. Det klarte vi !!

Den 17-20 juli - 2008 hadde Herøy Kystlag gleda av å invitere til det 28. Landsstevnet i Forbundet Kysten si historie. Herøy kommune er ei av landets største båtkommuner, med fartøy i alle typer og størrelsar. Flåta inneheld alt frå det minste "vikingskip" til dei mest hypermoderne fiske, supply, offshore og kystvaktskip i verda.

Vi trur at det er lite truleg at det nokon stad i Norge kan visast fram eit slikt mangfald innan båt, difor fekk stevnet også den litt artige og ambisiøse tittelen over. Med vikingskip henviser vi til funna av dei to "Kvalsundskipa" i ei myr på Kvalsund på 1920 talet. Faktisk er desse to skipa eldre enn vikingskipa, so her har vore sjøfarade folk til alle tider.

Både kommuna, det lokale næringslivet og Herøy Næringsforum stilte godt opp. Utan den hjelpa hadde vi ikkje makta det. Men minst like viktig er å få fram at vi hadde sterk innsats av laget sine eigne medlemmar som bygde brygger, renoverte på slippen og stilte opp som vakter av ulikt slag. I tillegg stilte både privatpersonar og andre lag og organisasjoner opp. So i sum klarte vi brasene.

Landstemnet skapte ei god interesse for kystkulturen i Herøy.
For oss som deltok var det i alle fall eit minne for livet.