Adresse: Herøy Kystlag, Pb 39, 6099 Fosnavåg
E-post: robert@voldnes.no 

 
 
 

Årsmøtet 2017 !

Det vert ordinært årsmøte den 9 mai 2017 klokka 1800.

Stad;  SLIPPEN .

Årsmelding og revidert rekneskap vert lagt fram på møtet.

Vanlege årsmøtesaker;

-Konstituering

-Årsmelding

-Rekneskapen

-Val

*

Deretter litt kystlagsprat med litt planlegging av sommarens aktiviteter :-)

Vel møtt !!

Kaffe og kaker..

Facbook

Styret minner om at nyhende vert publisert løpande på facebook og at det vert litt skjeldnare på heimesida..

Mb Bølgen er komen..

Den gamle rute og fiskebåten Bølgen er komen til Slippen.

Utover hausten skal vi få samle inn relevant informasjon om båten som gjekk i rute på Holmefjorden før bruene kom..

Bilete og info. kjem.

Hausten nærmar seg.

Styret arbeider med ei liste over gjeremål både ute og inne på Slippen.

Planen er at vi skal legge til rette for aktivitetar for dei av medlemmar som vil delta i dugnadsarbeid med td. dugnadskveldar.

Nærmar seg 11 juni

Til helga vert det å arrangere Gamalmotorens dag i Fosnavåg. Vi vil då stille ut nokre av dei gamle motorane vi har og nokre skal gå. Vi tek og ut i sentrum nokre av dei mindre båtane vi har - på tralle.
MK Neptun vil vere der.  Vi har invitert hit MK SAFIR med 22 Volda og MKR MYKLE med 50 hk Rubb type K.


Elles vert det sal av Baccalao og div. anna.
På Slippen vert det og ope hus - med sal av frosen Boknasild.

Jan Ove vil stille med gamle bilder og filmar oppe i Bryggen komplekset.

RS "IDAR ULSTEIN" vil stille med open båt.

Fint om også båtfolket vil kome og legge seg på gjestebrygga - ta helga der

Gamalmotorens dag 11 juni

Det har vore planlagt å ha ein motordag i Fosnavåg.

Men til det trengs litt meir folk.

Dei som har lyst å vere med på dette kan ta kontakt med leiar Robert (906 58 517) eller robert@voldnes.no 

Vi treng folk til å selje mat denne dagen, og til forefallande både før og etter arrangementet.

Årsmøtet

Det vart på årsmøtet gjenval på styret. Det var knytt litt usikkerheit kring kasserar. Men det er løyst ved at Svein Ole tek eit år til.

Robert Voldnes leiar, Asbjørn Endresen nestleiar, Svein Ole Løken kasserar, Svein Sporsheim og Peder Pettersen styremedlemmar.
Ny revisor er Roar Skoglund.
Valnemd er Sveinung Kopperstad og Bjørn Reidar Myklebust.

Årsmøtet

Våren er her og det betyr årsmøte.
Vi kallar difor inn til ordinært årsmøte på SLIPPEN.
Tysdag 26 april klokka 1900.
Alle medlemmer velkomne.
Valnemnda har forslag til nytt styre klart, og gledeleg nok får vi eit rekneskap i pluss.
Velkomen på Slippen for ei hyggeleg stund med litt kaffi og kaffimat !

- Styret -

Boknasild - 2 bolken

Frå i dag - fredag 11 mars klokka 1200 og utover, det same i morgon laurdag - vert det sal av boknasild på Slippen.
Det vert å fortsetje med salet også frå mandag og utover i veka - frå same tidspunkt 

2016

BOKNASILD

I løpet av dei neste to vekene skal årets sild produserast.
Der er tinga sild frå Fosnavaag Pelagig som vil sponse oss med dette !
Ta kontakt med Svein på 413 08 241 dersom du har lyst å vere med på dette.
Både sosialt og matnyttig !!
Trengs ei 5-6 personar.
18.01.16.

God jul til alle !

Bryggene i sentrum

I løpet av veka vert arbeida med montering av nye søylestøtter ferdigstilt.
Dykkerarbeide ved Svein Furseth.
Dei nye staga er bygd ute på Vågsholmen, dei er forzinka og deretter prima og mala.
Det vert lagt på nye spectra tau i mellom søylene for å støtte sidevegen.
08.12.1.5.

Brygger etc

I samband med div. skader som har kome på bryggene i sentrum (undervass-festa), vert det no arbeidd for å få dette utbetra og forsterka før vinteren.
Elles er båtar breidde nede, og det er tid for å få i hus ting til vinteren.
MMC vil hjepe oss med å få laga trommel til vinsja i skuret.
Egersund Herøy har sponsa oss ny vinsj !
26.10.15.

Opprydding på Slippen !

I går var det endeleg køyrt vekk eit stor lass med skrot som låg på Slippen.

Dermed er fleire års oppsamla rusk fjerna frå eigedomen. Tidlegare i år har vi fjerna ting etter pålegg frå kommuna.

Alt i alt er det no rimeleg fritt for skrot på Slippen.

16.09.15.

Minner om at fortløpande nyhende vert lagt ut på facebook.

SLIPPING MK NEPTUN

MK NEPTUN er no sett på land i Ulsteinvik.

Båten vert ståande denne veka.
Båtbyggar Tveit frå Svanøy er der og går over botnen etter ønske frå eigaren.
Syner seg at der er ei lekkasje særleg nede ved kjølbordet. Dette vert no dreve opp att. Tveit går og over støytar og spiker.
Sjøvannsintaket vert og skifta no. Dette var av eldre type og ikkje i god stand.
Etter dette vert båten å legge ved brygga på Slippen. Utover hausten vil vi gå over maskina slik at denne fungerer tilfredsstillande. Der har vore problem med regulatoren. Viste seg og at drivstofftankane hadde ein del kondens og skit - noko som kom inn i systemet.
08.09.15.

Neptun er henta

MK NEPTUN er no henta og ligg ved gjestebryggene.

Vi brukte 8 timar frå Bryggja til Fosnavåg - ein flott tur i bra ver.
Kystlaget skal sjå etter båten for eigaren som er i utlandet, i alle fall eit års tid.. Kva som skjer etter den tid er førebels uvisst.
No vert det litt vedlikehald på båten og deretter vert den å sjå på Trebåtfestivalen.
03.08.15.

MK NEPTUN

Ein båteigar i Bryggja har tatt kontakt med oss for å få hjelp til å ta vare på båten sin , ein kutter på 41 fot frå 1939.
Mannen er mykje på reis og har elles ein ikkje fullgod liggeplass til båten.
Båten er i løpet av siste 20 år restaurert for fleire millionar kroner, og framstår teknisk sett i svært god stand, nærast som ein ny båt med ny hud, nytt dekk etc.
Motoren er ein Brunvoll 28, frå 1939, men med litt modernisering på 50 talet, ma med elektrisk gløding. Denne er i god stand og har ma og ein nyare sylinder, nye glidelager og kryss. Den burde difor gå i mange år til med godt stell.
Det er gledeleg at Herøy Kystlag har blitt spurt om å vere dei som får bidra i å ta vare på båten. Avtala er slik at det kan bli kjøp av båten dersom partane finn det formålstenleg på eit seinare tidspunkt.
Båten vert henta til Fosnavåg i løpet av kort tid. Tanken er at den skal ligge i sentrum på gjestebryggene..
28.07.15.

Innbrot og hærverk !

På slippen har det vore hærverk. Folk har brote seg inn i mobilkrana og øydelagt.. Vidare er det stole eit sveiseapparat.

Hærverk er og utført på båtar i skuret.

Sakene er meldt til politiet !

28.07.15.

Trebåtfestivalen

Vi må i løpet av denne veka bestemme om vi skal ha stand på Trebtåtfestivalen i Ulsteinvik.
Det trengs folk til både å rigge opp og rigge ned, samt litt sal at mat i teltet.
Dersom du har lyst å vere med på dette ta kontakt med leiar Robert eller Svein Sporsheim i løpet av denne veka.
28.07.15.

12Neste