Adresse: Herøy Kystlag, Pb 39, 6099 Fosnavåg
E-post: robert@voldnes.no 

 
 
 

Om Herøy Kystlag

Herøy Kystlag (HK) vart etablert i 1991/92.

Opprinneleg var tanken at dette skulle vere ein modellbåtklubb for dei som dreiv på med slikt i Herøy. Men det enda raskt opp med at det vart eit større perspektiv på laget med fokus på kystkultur. Laget vart innmeldt i "Forbundet kysten" i 1994.

Dei som i første rekkje drog i gong kystlaget med fokus på modellbygging i 1991 var Victor Arnesen og Sveinung Kopperstad. Victor vart også laget sin første leiar. Kystlaget vart formelt skipa med eige styre i 1992.

HK har ca. 60 medlemmar.

Våre aktivitetar er retta inn mot bevaring av dei båtar, motorar og gjenstandar vi eig, innsamling av foto og film, produksjon og sal av boknasild, drift av Fosnavåg Gjestebrygge og restaurering og utvikling av slippen i Nørvågen.

Sidan vi her i kommunen har Herøy Kystmuseum som tek seg av tida fram til "motorbåtalderen", har Herøy Kystlag sidan starten konsentert seg om "motorbåtalderen".

Dette passar også godt i det vår base "Slippen" er plassert på indre Fosnavåg havn, ei havn som utvikla seg sterkt i takt med nettopp motoren sitt inntog i fiskebåtane frå kring 1906.

Alle som har interesse for kystkultur kan melde seg inn i Forbundet Kysten og Herøy Kystlag som lokallag.

Innmelding gjer ein enkelt ved å gå inn på Forbundet Kysten sine sider (sjå link).

Årskontingenten er kroner 400.-

I tillegg til sjølve medlemsskapen får ein også Kysten sitt flotte medlemsblad.

Fram til årsmøtet 2017 fungerer følgande styre;

Leiar - Robert Voldnes, nestleiar Asbjørn Endresen,  Peder Pettersen og Svein Sporsheim.

HK er også medlem i Norsk Tipping sin Grasrotandel.

Herøy Kystlag si base på slippen i Nørvågen.
Herøy Kystlag si base på slippen i Nørvågen.