Adresse: Herøy Kystlag, Pb 39, 6099 Fosnavåg
E-post: robert@voldnes.no 

 
 
 

Slippen

"Slippen" i Nørvågen er Kystlaget si base.

Intensjonen er at Fosnavåg skal ha eit museumsanlegg der utviklinga både på sjø og land i perioda frå 1900 og fram til i dag vert synt fram.

Bygninga vart sett opp i 1950-53 og er i betong.  Den har tre etasjer.

Første etasje er lager og utstillingsområde for m.a motorar og har verkstad både mekanisk og maskiner for trearbeid.  Bygd inntil betonghuset er Båthallen med vogn for opptrekk.

Andre etasje har lager, kontor og pauserom, wc og utstillingslokale med reolar.

3 etasjen nyttast til utstillingar av foto. Eit rom er tiltenkt brukt til fotoarkiv.

I tillegg vert Boknasilda turka på loftet her..

Målet er å få til "ei reise i tid" der besøkande kan få sjå og oppleve utviklinga som har vore i Fosnavåg, kommuna og distriktet i denne perioda gjennom å sjå gjenstandar, båtar eller bileter.

I båthallen var der før to "såperenner" for opptrekk. Hausten 2012 gjorde vi om på dette og laga til skinner i eine delen. Der kan vi trekke opp båtar for vøling under tak. Hallen vil også bli nytta til lagring av eigne båtar. Sjå eiga fane..

Den store slippvogna som stod ute vart fjerna før vi overtok. Den tok i si tid opp båtar på over 100 fot. 

Vi ser føre oss aktørar i fartøyvernet, næringslivet, reiselivet og ikkje minst skulane som naturlege brukarar av eit Slippen.

Når det gjeld reiselivet er det vårt håp at Slippen vil bli ein viktig ”magnet” for heile regionen. På Slippen vil vi dekke ei epoke som ikkje andre her ute dekkjer.

Det var sommaren 2005 at Herøy Kystlag kjøpte slippen i Nørvågen. Før det leigde vi anlegget i 6 år. Kjøpet klarte vi ved hjelp av låneopptak i Sparebanken Møre og med stønad frå Herøy Kommune og Herøy Næringforum.

Sidan då har mykje skjedd på anlegget. Der er skifta tak, sett inn mange nye vindu, oppgradert VVS, elektrisk og sanitær, drenert og asfaltert. Bygget har også fått mykje ny maling både ute og inne. Golvet i smia har blitt støpt nytt og gamle dører har blitt mura att.

Motorsamlinga til Kystlaget er vesentleg, og inneheld mange godbitar.. Det same gjeld alle båtane som laget har lagra på Slippen.

heroykystkultursenter.jpg