Adresse: Herøy Kystlag, Pb 39, 6099 Fosnavåg
E-post: robert@voldnes.no 

 
 
 

Livbåt

Livbåt som har tilhøyrt Sjøfuglen frå Remøya.

Livbåt som har tilhøyrt Sjøfuglen frå Remøya.

NOTBÅTEN

Notbåten eller Dorryen er ein 33 fots dorry.

Den vart henta frå Vanylven i 2015.

Ikkje mange originale slike att.

Vi skal ta vare på den som original, førebels på land.

BØLGEN

Hausten 2016 henta vi BØLGEN frå Vanylven.

Denne båten var rutebåt mellom øyane her i ytre Herøy 1947 - 54. Etter det som skyssbåt mellom øyane i Sande og Vanylven i mange år.  Ein viktig båt for samferdslehistoria her på ytre søre.

Vi skal ta vare på båten som landbasert utstilling då den vil kreve stor innsats for å få sjødyktig.  Den opprinnelege maskinen står på museum i Volda (Volda 10 hk).

Gåve frå Petter G. Brekkes dødsbu.

"DUELL"

20 fots snekke. Kravellbygd frå 1952 (Skorgenes). Gåve frå Svein Sporsheim i 2012. Tidlegare eigar Isak Teige. 10 hk Sabb diesel. I restaurert topp stand ! Ligg ved flytebrygga på Slippen og vert nytta av medlemmar.

duell3.JPG

"Kallesnekka"

Snekke bygd i Bjørkedalen 1958. 22 fot. Overbygget vart bygd av tidlegare eigar Karl (Kalle) Myklebust.. HK har planar om å restaurere båten. Deretter vil sal bli vurdert. Vil du ev. kjøpe ? Ta kontakt med leiar. Står nedebredd på Slippen.

Lettbåten

Bygd på Vestnes i 1951, og har ein Slepner 9-11 bensinmotor. Båten vart gitt i gave til HK i 2002 av Øyvind Remøy mfl. Tilhøyrde "Remøyfjord" og "Sjøfuglen" reiarlaga som basbåt. Den er original og framstår i topp stand. Dette er litt skjeldan i det slike båtar vart mykje nytta som fritidsbåtar og ofte bygd om .

Båten har fått bytta ut nokre målar med bord og vorte klinka litt her og der. Nytt rorsystem er på plass. Ligg ute ved brygga på Slippen og vert nytta av medlemmar sommarsdag.

 Fangstbåten

Fangsbåt tilhøyrd "Polara" reiarlaget på Remøya, og er gitt i gåve av Charles og Jim Remøy.  Truleg er båten frå åra kring 1920.  Den har aldri hatt motor installert.  Nytta av fangsfolka på isen..

RAPP/SVARTISEN

"RAPP" - også kalla "Svartisen" var bygd i 1894 !

Har ei lengd på 27 fot, ei breidd på 10 og ei djupne på 4 fot.

Båten hadde ikkje motor frå fyrst av, men fekk inn ein Hjelseth på 4 hk. Den er seinare bytta ut med den som står der no SABB 5/9. Brukt som motorbåt og fiskebåt i Herøy.

Står i skuret på slippen.

Ein skjeldan båt i svært god stand. Målet er å ta ei lett restaurering.

Stabledorryar

Laget har to dorryar eller dorisar som mange sei. Dei var med på fiskeri på Island. I tidlegare tider hadde seglskutene og fiskedampskipa med seg slike dorryar som  ein dreiv snørefiske med - ut frå moderskipa. Dorryane er flatbotna for å kunne stablast ombord. Dei er ikkje særleg gode sjøbåtar. Dorryane vart nytta i åra før 1920. Tilhøyrde "SAGA" reiarlaget på Remøya i Herøy.

Blankholmbåten

Båten er ein storfæring frå slutten av 1890 åra. Høyrde til Blankholmfamilia i Flusund i Herøy. HK fekk båten i 1996. Den kan riggast med segl.  Er ikkje restaurert. Førebels berre lagra på land.

Borgundfjordfæring

Typisk færing frå kring 1920. 17 fot.

Dette var den første båten HK fekk. Gåve frå Haldor Sævik i 1992.

"Wikene-jolla"

"Oslo-jolle" på 18 fot frå 1939.

Oslo jolle tilhøyrd kjøpmann Daniel M. Wikene i Fosnavåg. Båten vart lite brukt. Aldri bunnsmurt. Truleg av dei aller mest originale slike båtar att. Seld til Robert Rooney mfl. , Fosnavåg på 1980 talet. Kjøpt av HK 2009.

Knutsen-båten

Open motorbåt. Tihøyrte fam Knutsen på Leinane i Herøy.

Motoren er ein REAL bensinmotor.

Gåve frå Per-Ronald Knutsen.

Under fyl ei liste over båtar som Kystlaget har vore borti på ulike vis..

MODY

"MODY" var ein klinkerbygd "Klegg" på 27 fot. Bygd i 1944 i Bjørkedalen. Første eigar var Hallstein Frøystadvåg. Gitt i gåve til HK i 2001 av Palmar Siverstøl. For mange år sidan vart det lagt på glasfiber/plast på skroget, og dessverre fekk mykje rote utvikle seg.  Ein Sabb 6/12 semidiesel stod ombord. Båten vart destruert i 2011. Motoren tatt vare på.

 

Slepebåten "Sandfalken".

Mykje råte gjorde at skroget ikkje kunne bergast utan svært store påkostningar. Særleg framskipet var dårleg etter mange år med lekkasje fra bakkdekk.

Båten vart bygd og utrusta i 1942 og gikk først for Møre Kullkran i Ålesund, med sleping av pramer i Ålesunds området og også til Åndalsnes. Seld på 1960 talet til Høydalen og gikk i same type slepefart der. Havna tidleg på 1970 talet i Voldnes-konsernet sin Sildoljefabrikk i Måløy, og var i bruk der som fast taubåt fram til kring 1980, etter det kun som reservebåt. Robert Voldnes henta den til Fosnavåg i 1993. Båten vart mykje nytta av Herøy Kystlag i åra fram til 1999 då Robert selde den til entreprenør Svein Furseth, Eiksund. Han nytta den litt til taubåt og litt til privat, men vart etterkvart lite brukt. Bytta attende til HK i 2002 mot gavlbåten JOI.

Planen var å sette den i stand, men vi innså etterkvart at det ville blitt svært kostbart.

Motoren er ein 2 syl. Hjelseth semidiesel på 120 hk. Den veg over 8 tonn. Den er tatt ut, og planen er at motoren skal renoverast og kunne startast opp i motorhallen på slippen.

Gudrun

"Gudrun" vart bygd i Bjørkedalen i 1940. Var heimehøyrande i Sula, Ålesund og i Rauma før den i 1985 kom til Herøy (Inge Bergsnes). Den var i fiskeri til 1999 då den sokk (på julaftan). HK kjøpte den med Møretrygd etter hevinga i 2000.

Gudrun var først 34 fot, men forlengd til 37, klinkerbygd. Det er ein typisk ein og tomannsbåt. Den har hatt Hjelseth motor, og 2 stk,. Marna dieslar. Sist ein 108 hk. Ford.

Båten vart sett på land på slippen i 2001, og trengde ei omfattande restaurering. M.a måtte ev. heile akterenden byggast ny, skifte ein god del hud, nytt dekk og rekke, ny motor og elektrisk m.m.

Gudrun si skjebne vart avgjort sommaren 2013; det er ikkje øk. forsvarleg å berge båten. Ulike museumsmiljø var kontakta for å få bistand utan at ein lukkast med dette. Riksantikvaren hadde heller ikkje midlar til bistand.

Vi har bevart baugen, resten er destruert.  Baugen med lugar vil vi bevare for å syne korleis det såg ut i desse lugarane på den tid..

"Gudrun" på 1980 talet

 

MK "ERKNA"

"ERKNA", Bygd i jarn av Ålesund Mek. Verkstad i 1907. Kystlaget overtok båten i 2008. I tillegg til å være ein verdig representant for utviklinga frå damp til motor i ei over hundre år lang line, er båten mest kjend for å være den båten som frakta flest folk over til Shetland på ein kjøl under siste krig. Den er også no Norges eldste kvalbåt.

Bygd 1907, lengd 73,1 engelske fot, 58.97 brt. Tostegs dampmaskin 92 hk. og segl.

Første eigar var Mogstad & co. Ålesund, seld i 1918 til Oscar Larsen i Ålesund, i 1920 overført til Oscar Larsen AS, i 1926 til P/R Laurits Moldværsmyr i Langevåg. I 1939 vart den i svært dårleg forfatning seld til Mathias Myklebust, Herøy for kroner 6.300.- (frå Lånekassen for fiskarar).

I november 1941 låg ERKNA ved Hatlø verkstad i Ulstein, og vart rekvirert av den tyske "Kriegsmarine" for å føre ferskfisk mellom Trondheim og Nord-Norge (for det tyske Fischenkaufsgemeinschaft). Myklebust som eigde båten og folk frå heimefronten planla å ta båten og nytte den til englandsfart.

Midt på natta den 17 november1941 vart båten lasta med 60 rømlingar, dei fleste frå Sunnmøre. Ferda starta ved "Halvdanbuda" i Ulsteinvik og gikk til Shetland. Dette var den største lasta av folk frakta til Shetland på ein kjøl under krigen.

Dei som var med var:

Skipper Petrus Gjørtz, Einar Andreassen, Knut Herman Asbjørnsen, Martin Peder Bjørlo, Nils K. Clausen, Olaf Dahl, Karsten Eidem, Lidvard Eiken, Anna Ellefsen, Nils elias Ellefsen, Edmund Elmkvist, Peder Emblemsvåg, Anna Espeland, Inge Finnes, BergsvendFiskå, Bjarne Florvåg, Anders Forseth, Sigurd Kristoffer Frisvold, Ivar Furseth, Karen Fæstø, Inge Glomseth, Arnold Gustavsen, Herman Døscher Hansen, John Haram, Karl K. Haram, Lorents Henriksen, Finn Hågensen, Boye Jacobsen, Bjørn Jacobsen, Karl Otto Jacobsen, Inger Johannessen, Sigrid Marie Knudsen, Per Korsnes, Ragnar Kvande, Jon Lied, Kaare Lorgen, John Lysfjord, Åge Løfold, Mathis MathisenJohn Nordvik, Knut Olsen, ivind Olufsen, Torkjel Overå, Louis Pedersen, Bjarne Ramsvik,Otto August Ronn, Thomas Schwartz, Herman Skjølberg, Jon Slinning, Odd Floor Solvang, Petter Sperre, Martin Stave, Ole Stave, Sverre Stokke, Arnulf Thorsen, Birger Tiedemand-Johannessen, Knut Toenberg, Erling Vinje, Martin Waksvik, Otto Øvrevik.

Båten klarte seg bra på turen over - akkurat i mellom to stormar

Båten vart sett i spesialteneste og utførte tre turar til Norge i 1942. Etter dette var det slutt. Ein meinte at båten var for lett gjenkjenneleg og det vart for farleg. Dermed vart det oppdrag som travaljebåt og føring av mannskap frå Greenoch-basen til krigsskipa utanfor.

Mathias Myklebust var sjølv med til Shetland og henta att båten sommaren 1946. Den var då svært nedslitt, og vart lagt til Hatlø Verkstad og reparert. Der var då kulehol både i overbygg og dekk. Skadene vart takserte til 50.210.-

Etter krigen fekk båten nytt styrehus og ny innreiing, samt ny tonnasje (57,96 brt. og 27,54 nettot.)

1950 seld til Sigurd, Anton K. og Ragnar Reite i Herøy. Dei set nokre år seinare inn ein 140 hk Union motor.
I 1969 seld til Alfred Remøy, Herøy. I 1976 Insett Caterpillar 290 hk. I 1977 gjekk Alfred i partsreiarlag med sønene Erling og Atle Remøy med ein tredjepart kvar.

Grunna reduksjon i kvalfangsten og også båten sin alder og tilstand vart det semje om å søke om kondemnering av ERKNA i 1984. Planen var kondemnering og deretter søkking slik reglane var.

Men fleire i Herøy med tyskaren Frank Stephan i spissen ville det anleis. Det vart mykje debatt om skjebna til ERKNA og det vart til slutt skipa ei stifting som skulle ta seg av båten. Kondemneringa vart gjennomført, men ein trong ikke sekke den. Vilkåra var at det vart laga ein verneplan for båten.

Planen var at stiftinga skulle overta båten og setje den på land, i det ein frykta at det vart for dyrt å ha den flytande. ERKNA skulle vere eit symbol på Herøy si fiskerihistorie og elles båtbyggarkunst, fiskeri og fangst og ikkje minst krigshistorie. I styret sat Frank Stephan, Oddbjørn Remøy, Arnfinn Karlsen, Kornelius Kvalsund og Arve Moltubakk.

Det var ikkje lett å få dette finansiert, og det enda med at stiftinga vart oppløyst og at Arnfinn Karlsen i Tjørvåg tok saka i eigne hender. Han overtok båten i 1986 med løfte om å vidareføre vernearbeidet i samråd med Fylkeskonservartoren i Møre og Romsdal.

Som verkstadeigar med svært stor interesse for gamle båtar ville ikkje Karlsen sette båten på land, men nytte han på sjø. Når Karlsen overtok låg ERKNA ved Fyllingen Slipp fyllt med skrap klar for søkking.

Han fekk tømt båten, og gikk laus på restaureringa. Han har skifta ut hoveddekk, galgedekk, lugarkappa, det meste av akterenden, 5 plater i skroget, alt av elektrisk utstyr og installasjonar, Styrehuset vart plukka ned og bygd opp at, all innreiing var rive ut og laga nytt, vinsja og alle røyr er bygd nytt. Eit utruleg omfattande arbeid.

I følge Karlsen er der nytta delar frå 23 andre Herøybåtar i restaureringa av ERKNA ! I 1996 vart det sett inn ein 260 hk Callesen motor. Arnfinn har også hatt litt hjelp frå andre, mellon dei Atle Audun Remøy og Gisle Rafteseth.

M.a. deltok ERKNA i 50 års jubileet for fred både i Ålesund, Fosnavåg og Bergen.
Herøy Kystlag overtok ERKNA i juni 2008, via Herøy Næringsforum. Mykje arbeid var utført i HK si eigarperiode.  Det vart vanskeleg å behalde båten i HK grunna for få aktive og interesserte.

Vinteren 2012 har Arnfinn Karlsen på nytt tatt over som ansvarleg for bevaringa av ERKNA. Båten vart flytta inn til Arnfinn si kai i Tjørvåg. I løpet av 2012 utførte han ei vesentleg oppussing av båten både utvendig og innvendig. Herøy Kystlag stod som formell eigar av båten.

Atle Audun Remøy overtek so ERKNA våren 2013. Han er tidlegare medeigar (sjå over). Det er difor er god løysing for ERKNA. Ny heimehamn er Bergen.

MK "TRYGG".

MK "TRYGG" er frå 1912. Bygd i Bjørkedalen. TRYGG er på Riksantikvaren si liste over verneverdige fartøy, og er medlem i Norsk Fartøyvern Foreining. Båten var heimehøyrande i Sande og Herøy (1937 -57) då den vart seld til Egersunds distriktet. Den var i fiske fram til 1990 i same familie, og heitte då "Souvenir". Dalane Folkemuseum og Egersund Kystforening overtok den i 1992 og tok seg av den fram til 2002 då HK kjøpte den og gav den attende sitt originale navn "TRYGG".

Opprinneleg var båten klinka på vel 36 fot, men den vart i 1946 forhøya og forlengd og spikra på kravellhud. I 1939 fekk båten innsett Volda 22, og fekk nytt styrehus (står der enno). I 1968 vart Voldaen skifta ut med ein 90 hk British Leyland.

I 2009 overteken av ei gruppe interessentar i Volda (ed tilknyting til skipsbyggaren) som skal fortsette restaureringa. Båten vert sett på land.

Snekker, sjark og utstyr

Kystlaget fekk ei snekke frå Ulsteinvik i 1999. Vi tok ut motoren ein Sleipner 1 syl. bensin, og gav bort båten til ein barnehage i Herøy

Kystlaget fekk ein sjark frå Leine i 2007, vi tok ut motoren ein 22 hk Sabb. og div. utstyr.

Kystlaget fekk ei snekke frå Sula i 2007, vi tok ut motor (Sabb 22), spel og div. utstyr

Kystlaget fekk ei snekke frå Nørvågen i 2008, tok ut motoren Sabb 8.

12Neste