Sommarfestival i Fosnavåg
I mange år sidan år 2000 vart det arrangert ein sommarfestival i sentrum av Fosnavåg.
Først heitte dette arrangementet "Maritime Sommardagar i Fosnavåg", seinare "Maritim Sommarfestival i Fosnavåg".
Herøy Kystlag har i alle år bidrege til arrangementet med opplegg for båtane i gjestebryggene i sentrum.
I 2017 vert det og ein slik festival - heile jonsokveka.
Båtar høyrer med, so ta gjerne turen til Fosnavåg desse dagane !