Adresse: Herøy Kystlag, Pb 39, 6099 Fosnavåg
E-post: robert@voldnes.no 

 
 
 

Dugnad

Førstkomande torsdag klokka 1800 vert det dugnad på Slippen.
Div. båtar skal flyttast slik at veggen på Slippen vert rydda.
Har du høve ? møt opp på en kjekke dugnad.

Open dag

I samband med maritime dagar i Fosnavåg har Kystlaget ved Jan Ove gåande ei fotoutstilling i Fosnavåg sentrum.
I tillegg har vi hatt åpen dag i dag 21 juni. på Slippen.
Robert og Svein synte fram samlingane til dei frammøtte.
Då det er enklare å legge ut bilder på FACEBOOK enn her på denne sida, vil det framover bli slik at vi legg dei ut der.
Der ligg det og bilder frå dagen i dag.

Ekstra kontingent

Styret vil opplyse om den ekstra kontingenten som blir krevd inn no er for 2015.
Om det vert nokon ekstra kontingent for 2016 må årsmøtet neste år avgjere..

Adresse dugnad

Styret ber alle medlemmar sende ein epost til
kasserar@heroy-kystlag.no 
Skriv der namn og adresse, mobil og kva epost de vil vi skal nytte.

2015

Årsmøtet 2015.

Årsmøtet 2015 vart avhelde den 13.05.2015 på Slippen.
Det vart på sedvanleg vis vedteke årsmelding og rekneskap.
Deretter vart det veld nytt styre som skal fungere til neste årsmøte.

Leiar og sekretær; Robert Voldnes
Nestleiar; Asbjørn Endresen
Kasserar; Svein Ole Løken
Styremedlem; Peder Pettersen (leiar motorkommiteeen)
Styremedlem; Svein Sporsheim (slippformann)

Vidare vart det understreka viktigheita av framhald i komiteen for bilder og film ved
Jan Ove Aarvik som ansvarleg, samt bryggekomiteen som no består av Per Ove Djupvik og Sveinung Kopperstad.

På grunn av ei betydeleg auke i kostnadar, særleg i samband med realistiske forsikringsnivå på anlegget, samlingar og brygger beslutta årsmøtet at ein auker medlemskontingenten med 400.- Dette då merka og innkrevd som direktetilskot til Herøy Kystlag.

SPONSORTAKK

Det går føre seg eit restaurerings arbeid på lifta vår.
Førebels har fylgjande verksemder sponsa oss i dette arbeidet.

Kystlaget takkar;

Pro Steel
Tendos
TESS
Mal Proff Coatings

Takk og til Dyrkorn Fritid for div. stønad både i 2014 og 2015.
Takk og til Herøy Næringsforum og Herøy Kommune i høve stønader til brygger !

Årsmøtet er bestemt til onsdag den 13 mai.
Merk datoen
Vi kjem attende med meir info. etter kvart.

2014

November
Sjekk ut FACEBOOK, no er HK der også. Søk opp og legg til.

September
13.09.
Tips.
Søndag 21 september klokka 1500 vert det eit spanande foredrag på Runde Miljøsenter som medlemmane kan vite om-- "Levemåtar og tenkemåtar i Fiskar Noreg"
Elles har det vore nokre åpne dagar på Slippen der fleire som er interesserte i det vi styrer med har vore innom. Det syns vi er kjekt.

August
15.08
Då er HK rigga til med stor stand i Ulsteinvik
Held til på kaikanten ved hotellet.
Ein semitrailer full med motorar, telt og anna vart nytta til frakta.
Oslojolla, Lettbåten og DUELL er komen opp.
Der vert grilling og ymse anna.
Fleire av motorane skal stå og gå.
Ta deg ein tur då vel.
10 hk Bukh tilhøyrd Silfas frå 1953 - er ein av motorane som skal startast på Trebaatfestivalen.

11.08.
Det går føre seg klargjering til Trebåtfestivalen.
Om du har høve til å delta - møt opp på Slippen fk. torsdag klokka 1000, då skal gjenstandar lastast opp og fraktast til Ulsteinvik.
Ta elles kontakt med Svein ( 41308241) om du har lyst til å delta i dette.

08.08.
Motordugnad pågår på Slippen i høve føreståande Trebåtfestival.
Svein, Robert, Peder og Roy.
Problem med bildeopplasting gjer at vi ikkje får lagt ut bilder. Vert jobba med saka.

Juli
14.07.
Dorryen er komen til Slippen.
Etter ein slepeoperasjon har dorryen no komen til Slippen. Planene er å tøme den for skrot og deretter lage ein plan for korleis gå vidare.
Ikkje mange att av desse originale dorryane.

01.07.14.
Takk til alle som bidrog under sommarfestivalen.
Dei som kom på Slippen fekk sjå samlingane våre og ikkje minst kike på gamle bilder på loftet.
Gamle "Hindholmen" skal gå til Oslo og delta under Forbundet Kystens Landsstevne der i midten av juli.. Jan Ove vil mønstre på for HK.
Er der andre som kan tenkje seg ein tur / ev. retur med denne båten kan dei ta kontakt med Jan Ove. PS vær då raske.
Henting av dorryen i Vanylven nærmar seg.
Der er dialog med maskinførar og div. planlegging pågår.

Juni
20 juni
ope hus på slippen både i morgon laurdag og søndag frå 1200 og utover til ca. 1700/1800 avhengig av besøket.
velkomne !
Lett matservering.

03.06.
Grunna ferietur for Jan Ove vert det å utsetje henting av Dorryen til nærare maritim sommarfestival.
DUELL står på land for vøling. Svein og Svein Ole held på med den.
Krana står føre siste rest med overhaling før bruk.
Det er planar om å destruere "Gudrun" når krana er operativ, og deretter få rydda anlegget for skrot.
Planar om å shine Lettbåten også før Sommardagar.
Ta kontakt om du har lyst å delta, der er folk på Slippen om dagane.

01.06.
På Årsmøtet vart det gjort litt endringar i styret.
Robert ynskte avløysing som leiar og Jan Ove Aarvik har takka ja til det vervet. Elles kom Svein Ole Løken inn som ny mann i styret og tek kasserarjobben.
Elles held og Hallstein Frøystadvåg, Arnstein Selvåg og Robert Voldnes fram som styremedlemmar. Valnemd er Svein Sporsheim og Peder Pettersen, medan Britt Unni Sporsheim er revisor.
Årsrekneskapen for året 2013 vart gjort opp med eit gledeleg overskot på 40.000.- som i stor grad skuldast sildesal og bryggeleige men og tilskot frå gode støttespelarar.
I 2014 må der vølast ein del på Slippen. Styret kjem attende med datoar for dette.
Dorryen frå Vanylven vil og bli via ein del merksemd når den etterkvart vert henta.
Styret vurderer og å legge ut fleire brygger på Slippen dersom det dreg ut med mudringsarbeida på hamna. Brygger er viktige for miljøet på Slippen.

Mai
26.05
I morgon tysdag er det årsmøte på Slippen
Klokka 1900.
Vanlege årsmøtesaker. Rekneskap og årsmelding vert delt ut på årsmøtet.
Etter årsmøtet vil vi orientere litt om kva som skal skje framover, der særleg henting av ein Dorry i Vanylven vert spanande.
Vidare vil vi sjå ein film om fraktefart med småbåt (dunk-dunk) i gamle dagar.
Vel møtt !

14.05.
Vi slit litt med å få oppdatere sida, samt å legge ut bilder.
Styret vil difor sjå på moglegheiter til å lage ei ny og oppdatert side for Kystlaget. Ein prosess på dette vil starte i i løpet av året.
Grunna forseinkingar med rekneskapen er årsmøtet utsett.
No er dato sett til den 27 mai - klokka 1900 på Slippen.
Kjem attende med meir info. etterkvart.
Ein god del er på gong når det gjeld gjeremål på Slippen. Vøling, samt ein del på kran og lift er på trappene.
Elles vert det åpen dag på Slippen - søndagen under maritim sommarfestival den 22 juni. HK kjem ikkje til å ha noko i sentrum, heller syne fram det fine vi har på Slippen.

April
03.04.14.
Sist laurdag var vi på Remøya og henta div. ting frå ei sjøbud.
Duell er komen opp for vårpuss.

26.03.14
Fyrstkomande laurdag vert det ein liten dugnad/ sosialt samvær ute på Remøya. Vi skal få div. gjenstandar som står i eit naust der ute. Vi møter klokka 1100, og so kjem lastebil klokka 1200. Ta kontakt med Jan Ove for meir info. om stad. 48218980.
Der vart henta inn ein Marna 24/32 nyleg. Det viste seg at den dessverre var sprukken på toppen. Vi lyt sjå an kva vi då gjere med den. Vi har ein til.
Boknasilda for i år er seld. Neste år lyt vi få tak i meir. Etterspurdnaden er stor.

28.02.14
Dorryen i Vanylven er breidd nede, og ein vil prøve å få den til Slippen ettekvart.
Ein Marna motor vart i dag henta til Slippen. 60 modell 24/32 - av Peder og Svein. Om det går vil vi prøve å setje den inn i Dorryen om det blir aktuelt.
I går var 7 klasse frå Bergsøy Skule på Slippen og fekk omvisning og historieforteljing av leiar Robert.
I høve planane om museum på Slippen har styret vedteke å setje ned ein eigen kommite. Her vert det med folk utanfrå med interesse og kompetanse på området.

31.01.14.
I følge Jan Ove var dorryen i Vanylven i god og original forfatning.
Ein vil difor sjå om det er mogleg å få den frakta til Fosnavåg og Slippen på ein høveleg måte. Stas om HK hadde fått hand om ein slik båt.
SILD
Det nærmer seg boknasild tilverking. Vonaleg alt neste veke. Kontakt Jan Ove eller Per Ove om du har lyst å delta.
I løpet av februar vert det eit arbeidsmøte med ein del inviterte personar kjem til Sippen for å planlegge og vurdere korleis eit Kystkultursenter kan bli utvikla - med tanke på formidlingsbiten/utstillingar.
Dette arbeidet går no over i ei reell planleggingsfase.

21.01.14.
TIl helga skal ein delegasjon frå HK ein tur til Vanylven å sjå på ein dorry.
Dette er ein original 32 fots notdorry som HK vurderer å hente til Slippen.
Truleg vert dette søndag.
Ta kontakt med Jan Ove Aarvik om du vil bli med.

2013

Desember
13.12.
Torsdag vart bryggene på Slippen sikra med ekstra dregg og dei andre taua stramma. Skulle då vere bra rusta for uveret.
På nyåret vil det bli nokre dugnadar på motorar og div rydding innomhus.
Siste tida har ting kome i hus for vinteren.
Det nærmar seg jul og styret vil ynskje alle våre medlemmer og støttespelarar ei rett god jul og eit godt nytt år.

November
28.11.
På Slippen er der no komen inn ei snekke i varmen for div. oppgraderingar. Eigaren er godt nøgd med å få stå inne og arbeide.
Der er og ei anna snekke oppe på slippvogna. Også der skal eigar utføre ein god del arbeid.
Nytt stativ er tatt i bruk for lagring av båtar i båtskuret.
Mobilkrana er snart ferdig shina. No er det det elektriske som bli gått over. Målet er at den skal godkjennast og då ev kunne leigast ut til inntektsbringande aktivitetar.
Dør til vinsjehuset er kome opp.

23.11.
ei gruppe på 20 personar fra austlandsområdet fekk i dag omvisning på slippen og innføring i lokal historie av leiar Robert.
Knutsenbåten er komen under pressenning og lagra ute, Fangstbåten er komen på nytt stativ i båtskuret og Oslojolla vil mandag også bli lagra i båtskuret.
Ei snekke er komen opp på slippen for vøling, og ei anna snekke skal inn i huset for ma motorskift.
mobilkrana får oppgradert div. elektrisk.

11.11.
I samband med det som er forsvunne på Slippen siste tida, er det viktig å få fram at ein ikkje har mistanke at det er nokon av lagets medlemmer eller vener som står bak.
Her er det nok ubodne gjestar som har vore på ferde.
Tidlegare i haust forsvann det vistnok ein nøkkel til ei sidedør. Ikkje utenkjeleg at det her er ein samanheng. Skifte av låsar ser difor ut til å bli ei løysing.
Viktig å få fram dette, slik at ikkje medlemmer med tilgong føler seg mistenkeleggjorde.
Elles er det gledeleg å melde at mobilkrana snart er ferdig shina. Stor takk til Tess Herøy for gode rabattar.
Det går elles føre seg div. rydding og motorarbeid på Slippen.
På Gjestebryggene ligg to større seglbåtar for vinteropplag, på Slippen ligg 3 båtar som alle gir inntekter til laget.
Minner også om at "Kallesnekka" vert gitt bort til nokon som vil ha den. Snekka står på Slippen.
Laget treng også nye bryggevakter frå neste år. Nokon som har lyst? Ta kontakt med leiar Robert.

09.11.
Tjuveri på Slippen?
Der er no borte nokre loddpengar frå kontoret på Slippen. Ikkje mange pengar, men alikevel. Tidlegare i haust forsvann det ein propell med aksling.
Nokon som veit noko om dette? ta kontakt med leiar Robert.
Om ikkje noko kjem fram, vil dette bli anmeldt til Politiet og andre tiltak vil bli sett i verk.

Oktober
25.10.
Vøling mobilkran og div. oppryddingar pågår på Slippen for tida.
To større seglbåtar ligg til langtidsleige i sentrum og tre båtar leiger plass ved brygga på Slippen.
Kystlaget hadde stand under Oktoberfestival sist laurdag i Fosnavåg. Selde div. Kystlagsefekter og loddbok er i sving. Fekk og synt fram litt av gamle bilde.

15.10.
Sist veke var ein dugnadskveld nytta til div. motorarbeid.
Elles pågår reparasjon av mobilkrana for tida - på dagtid.
Minner også om at Kallesnekka vert gitt bort. Stikk innom og sjå på den om det kan vere av interesse.

09.10.
Minner om at det i kveld klokka 1900 er tenkt litt dugnad inne på Slippen. Skal sjå litt på motorane - diesel på toppar etc.

02.10.
Der er borte ein treblada propell frå Slippen. Nokon som veit noko om dette? Gje eit vink til leiar Robert.
Sjå aktivitetsplan for aktivitetar i haust.

September
25.09.
Pegasus er no destruert, motoren er tatt vare på.
Kystlaget har ei anna snekke (Kallesnekka) som vi vil gje vekk. Ta kontakt med leiar Robert. Om ikkje, vert den også etterkvart destruert. Denne snekka har ikkje motor, men det kan ordnast.

14.09.
Vi har teke av det øydelagte overbygget på "Pegasus". Om nokon kan tenkje seg å overta båten gratis, og betale litt for motoren - Sabb 8 hk diesel - ta kontakt med leiar Robert.
Om det ikkje vert overtagelse vil vi vurdere å destruere båten som har fått div. roteskader. Står no ute på kaia på Slippen.
Vi har fått fjerna den gamle og øydelagte såpeslippen, og erstatta området med grus. Nabo Bjørge Kvalsund bistår med gravemaskin. Når dette er ferdig kjem vi til å kunne ta innomhus både krana og lifta. Er og planlagt å flytte skinnegangen litt.
Ta kontakt om du vil på land med båten.
Vil elles bli nokre aktivitetsdagar i løpet av hausten for rydding i skuret , samt på "Gudrun".
Livbøyer - Fosnavåg sentrum.
HK har sett opp to heimelaga stativ med livbøyer i sentrum. Dei dekkjer både Almeningen og Gjestebrygger.

05.09.
Det pågår rydding og planering inne i båtskuret på Slippen på dagtid. Stikk gjerne innom.
Ta kontakt om du vil opp på nyevogna i haust.
Lettbåten er komen på land og i vintermodus.

01.09.
Vellukka bildedag og kafè.
Laurdagen var det mykje folk innom Kystlaget si fotoutstilling på Holmsild-brygge. Litt kafèdrift gjorde dagen ekstra hyggeleg.

August
27.08.
Som ein kunne lese i Vestlandsnytt nyleg er laget i dialog med fleire instansar om vidare utvikling av Slippen.
Målet er å få til ein detalreguleringsplan i løpet av det neste halve året. Ein slik plan treng vi for å kome vidare med omreguleringsplanene til kultur og utstillingar/museumsdrift mv.
Makrellfestival i Fosnavåg.
Til helga vert det festival i Fosnavåg. Kystlaget ved Jan Ove vil syte for bilder og film i dei gamle Kalimera lokala i Holmsildbygget.
Fredag frå kring 1500 og laurdag frå kring 1000.
Har du lyst og anledning til å bistå med litt? Ta kontakt med Robert eller Jan Ove. Vert litt kaffi og vafler å få kjøpt.

18.08.
Glimt frå Trebåtfestivalen 2013
Mange medlemmer stakk innom og slo av ein prat. Svein, Otto, Per Ove og Robert var i sving alle dagane, og takk også til Trond T. og Jakob Haugen for bistand med sal og opplegg for lakseburgarane. Takk til Kjell Aas og sonen for bistand til - og ettekvart frå Ulsteinvik - med lastebil og Bjørn Reidar M. med div. bistand.
Takk også til Bunnpris Ulsteinvik for velvillig hjelp og gode tilbod.
Fredagen regna bort, men på laurdag myldra det i teltet og utanfor.
Mange sette pris på opplegget vårt med motorane og ein god prat om dei.
Ut i veka må vi få rigga ned og få tinga attende til Slippen. Til det treng vi hjelp. Ta kontakt med Svein eller Robert om du har høve å hjelpe til.
Båtane ved kai i Ulsteinvik.
Trond i sving ved grillen - laurdag.

16.08.
Då er vi rigga opp i Ulsteinvik.
Ta deg ein tur då vel.

13.08.
Det dreg seg i hop mot Trebåtfestival i Ulsteinvik.
I år satsar vi tungt med sal av lakseburgerar etc. Jakob Haugen bistår oss i år. Dette vert proft.
Vi leiger også ei camp.vogn desse dagane slik at vi som er i sving der kan ha litt "fasilitetar"
Treng fortsatt litt hjelp på matsalet fredag og laurdag..
Nokon som har lyst? Vert kjekt dette. Kom og ver i lag.
Kontakt, Robert V, Svein S eller Otto Myklebust.

10.08.
Svein.
Robert fyrer opp Sabb 4-5.

09.08.
Dyrkorn Fosnavåg sponsar oss med div. slangar og tilfong til motorar.
Det er fortsatt behov for fleire til å hjelpe til i Ulsteinvik om ei veke.
Nokon som vil hjelpe med litt matsal - fredag ettermiddag og kveld? samt laurdag?
Ta kontakt med Robert. 906 58 517.

02.08.
I høve Trebåtfestivalen i Ulsteinvik om knappe to veker - inviterer styret til eit åpe møte på Slippen fk tysdag klokka 1900.
Alle som har lyst til å delta for HK på festivalen kan møte opp.
Vi har tenkt å ha sal av div. mat i teltet, samt utstilling av motorar og båtar.

Juli
31.07.
Minner om at vi no kan ta opp snekker etc. under tak på Slippen.
Oslojolla er under oppussing. Målet er å få den ferdig til Trebåtfestivalen. Hallstein held på med denne.
5 motorar er plukka ut til å bli stilt ut under Trebåtfestivalen. Robert og Svein held på med desse. Målet er at alle fem skal kunne startast.
Under Trebåtfestivalen skal HK ha opp telt og selge kaffi og vafler. Om nokon har lyst å delta på stand. Ta kontakt med Robert.

Juni
19.06.
Ex. "Leineleif" er no for sal.
rogernormann68@gmail.com
Ta kontakt med eigar om dette er av interesse.

17.06.
Maritim Sommarfestival.
Det vart eit flott helg i Fosnavåg. Takk til alle som bidrog på ulike vis !
Gjestebryggene vart fulle av båtar og kafeen vart godt besøkt, og elles fekk vi mykje skryt av utstillingane våre. "Oslo-jolla" skinte om kapp med sola laurdag, og Sabben frå "Mody" fekk seg nokre oppstartar til glede for mange.
Særskild takk til Moens Mathus for lån av lokalet, til Bjørn R. Myklebust for lån av bil, og Egersund Herøy og Auto Marine for hengarlån, og Ivar Nærø for truckbistand. Takk også til Jan Ove Årvik, Herøy Kommune og Herøy Kunstlag for lån av div. til utstillingar.
Det er tydeleg av fotoutstilingar er av interesse for mange. Folk vart værande i timesvis for å sjå på bilda.

06.06.
Maritime Sommardagar nermar seg.
HK skal ha i sentrum ein kafè. Trond Tellefsen er ansvarleg for denne og oppmodar medlemmar som har lyst å hjelpe til under dagane om å ta kontakt med han.
Jan Ove treng og ei hand eller to både no til helga og seinare for litt rigging av bildeutstillinga. Medlemmar som har lyst å hjelpe litt, ta kontakt med han.
Ute vert det div. utstillingar også.
På brygger trengs det og litt hjelp torsdag og fredag kveld. Ta kontakt med Per Ove eller Robert om du kan stille.

03.06.
Skuleavslutning.
I dag var alle elevane frå HVS som har vore på Slippen dette året, lærarar og enkelte tilsette ved HVS samla på Slippen for sommaravslutning.
Gjengen fekk takk for innsatsen av kystlagsleiar Robert, og etterpå vart det pizza.
Den nybygde slippvogna vart og prøvekjørt.
Forhåpentlegvis vil HVS og HK fortsette samarbeidet også komande skuleår, og fleire prosjekt vart drøfta.
Elevane utanfor Slippen.
Styret og kommitefolk samlar seg på Slippen komande torsdags kveld for planlegging av sommardagane. Duell, Lettbåten og Oslojolla er under arbeid..

Mai
25.05.
Her flyt "Gudrun" for siste gong - i nokre minutt - før ho vart trekt opp på uteslippen.
Bak ser vi "slepebåtane". Snekka vart nytta for å halde "SKØY" i rett posisjon då der var litt vind.
"Gudrun" på land att.
Fyste snekka oppe på nyevogna som elevar ved Herøy Vidaregåande Skule med faglærar Jostein Skar i spissen har konstruert og bygd.
Dugnadsgjengen konstaterer at alt verkar bra.
No kan kystlaget tilby slipping under tak. Det er berre å ta kontakt med kontaktperson Svein Sporsheim om du treng slipping - 413 08 241.
Oslojolla og Lettbåten under "vårpuss".

21. 05.
Operasjon GUDRUN.
Førstkomande torsdag kan den som vil møte opp klokka 1900 på Slippen for litt rådslaging om operasjonen.
Laurdag er det so oppmøte klokka 1100 - for sjøsetting og deretter umiddelbart opptrekk av båten ute i slippen.
Styret oppmodar medlemmar om å ta del i denne aktiviteten, vert både kjekt og spanande.
Etter at Gudrun er komen på slippen ute skal den etterkvart høggast opp. Planen er at litt av båten skal behaldast som utstilling.
Lettbåten er komen i hus på Slippen for vårpuss og litt giroverhaling.

14.05.13.
Etter styremøte i dag vil styret informere om at det vil bli HK utstilling og kafè i Kalimera lokala på Holmsild Brygge under sommardagar. Ber om at medlemmer som gjerne vil delta i dette tek kontakt med leiar RObert eller Jan Ove Aarvik. Treng litt folk til dette.
Kystlagsfest laurdagen (den 15 juni) frå 2200 og utover i Kalimera lokala. Kjem attende med meir info. Hald av datoen. Kystlagsmedlemmer og vener av kystlaget hjartleg velkomne !
Gudrun; båten skal som sagt no vekk frå skuret der den har stått sidan 2001. Planen er at det vert dugnad laurdag den 25 mai - på floda ! Då dreg vi båten bakover og deretter opp på land ute - for vidare hogging. Tanken er at noko av båten skal vi behalde som utstilling. Hallstein er bas for dette. Kjem attende med tid når det nærmar seg.
"OSLOJOLLA" er under arbeid. Målet er at den skal vere ferdig til Sommardagar, og stå på tilhengar i sentrum.
"DUELL" og også Lettbåten er planen skal vere klare til den helga og ligge på sjøen.
Vi har fått løyve til å legge ut fleire brygger ved Slippen. Styret vil avvente dette til vi veit når det skal mudrast. Er i dialog med Kystverket om dette.
Kassserar; Laget manglar kasserar. Nokon som har lyst? Ta kontakt med leiar Robert.

April
24.04.13
Vellukka og hyggeleg Årsmøte på Slippen i går, med kaffi og kaker.
Robert Voldnes gjenveld som styreleiar, elles vart Hallstein Frøystadvåg og Arnstein Selvåg gjenveld og Jan Ove Aarvik kom innn som nytt medlem i styret. Britt Unni Sporsheim vart veld til revisor medan Petter Kvalsvik og Asbjørn Endresen vart ny valnemd.
Laget har behov for ny kasserar. Styret ber om at medlemmar eller personar som kunne tenkje seg denne viktige funksjonen tek kontakt med styreleiaren. Helst einkvan som har litt erfaring med slikt arbeid. Om du les dette og ikkje er medlem, ta kontakt uansett.
Vart elles snakka ein del om tida framover. Det vert slik at laget tek sikte på eit bra opplegg under maritime dagar i juni. Målet er kafe og bilder etc. i det gamle "Kalimera" lokalet på Holmsild.

15.04.13.
Styret vil minne om ÅRSMØTET som vert den 23 april klokka 1900 på SLIPPEN. Ynskjer alle medlemmar velkomne ! Vanlege årsmøtesaker, litt kaffi og god drøs.
Etter mykje om og men har styret vedteke at vi ikkje klarer å berge MK Gudrun. Henvending til Sunnmøre Museum har heller ikkje ført fram. Destruering vert difor lagnaden. Når Gudrun er fjerna vil ein kunne ta til med å bruke dei nye vognene i båtskuret. Planen er at både kystlagsmedlemmer og andre skal kunne få slippe under tak.
Herøy Kommune har ytt stønad på kroner 60.000.- til bygging av Slippvognene i skuret ! Dette er midlar som i utgangspunktet var øyremerka ERKNA, men som no etter søknad har vorte omprioriterte til Slippen. Dette har ført til at dei to vognene snart er klare til bruk.

Mars
29.03.13.
Styret vil ynskje alle kystlagsvener ei retteleg fin påske.
Etter påske er det tankar om å ta inn i første etasje på slippen og pusse opp /rigge ferdig det som truleg er norges flottaste OSLOJOLLE "VIKENEJOLLA". Mellom anna manglar kjøl og ror.
Det har og vore diskutert om gamle "RAPP" også kalla "SVARTISEN" skal sjåast nærare på i vår. Her blir det ein kombinasjon av puss og renovering. Det står ein Sabb 5/9 semi der.
Det vert og styremøte neste veke. Der må styret også ta nokre bestemmelsar om gamle "Gudrun" som no står i vegen for dei nye vognene i båthallen. Same kva vi tenkjer om båthallen må GUDRUN bort.
I skrivand stund ser det ikkje lyst ut med tanke på bevaring av båten.

13.03.13.
Styret vil minne om arrangementet i morgon kveld.
Det startar klokka 1900 med litt orienteringar ved Robert Voldnes og Roald Sporstøl. Deretter vert det omvisningar. Jan Ove Aarvik vil syne bilder og film på loftet.
Ta dej en tur då vel !

01.03.13.
Den 14 mars klokka klokka 1900 inviterer styret til "ÅPEN SLIPP".
Formålet med dette er at alle som vil kan få kome å sjå kor fint det er på SLIPPEN no, og samstundes få høyre litt om dei planar som styret har når det gjeld vidare utvikling av anlegget.
Heilt sidan 1990 talet har ein sett føre seg eit museum/kystkultursenter på SLIPPEN. Tida er no moda til å ta spranget vidare frå det ein har i dag og i retning av eit meir for publikum - tilgjengeleg opplevingssenter.
Fosnavåg kan med dette få til eit unikt fiskeri og offshoremuseum m.m.
Slipping ute og inne vert sentrale element på museet.
Robert Voldnes og Roald Sporstøl vil stå for orienteringar frå klokka 1900. Deretter vert det høve til å sjå seg omkring
Vel møtt !

Februar
27.02.13.
Der vart løyvd ein del boknasild sist laurdag. So det vert difor ny salsrunde fystkomande laurdag frå 1300 - Almenningsområdet.

20.02.13.
Fystkomande laurdag (23) vert det sal av boknasild i Fosnavåg sentrum. Frå klokka 1300.
Spring og kjøp.

11.02.13.
Sildearbeid
I helga vart det hengt opp over 2000 sild til bokning.
Petter Kvalsvik, Isak Teige (87 år ! ) og Johs. Bakke i aksjon med kniven.
Takk til Global Fish i Liavågen for sterkt rabbattert råstoff, og takk til gjengen som stilte opp i helga.

06.02.13.
Boknasild
Klargjering til sildeflekking og henging.
Møt opp på slippen i morgon/torsdag klokka 1700 for oppsetjing av telt på kaia.
Vi reknar med at det vert flekking i frå klokka 1600 fredag.
For informasjon ring Jan Ove 482 18 980
I år kjem silda med bil frå Liavågen.
Vel møtt !

Januar
31.01.13.
Herøy Kommune har tildelt Kystlaget kroner 10.000.- til dekking av kostnader i samband med foto og film prosjektet. Prosjektleiar Jan Ove Aarvik vil syte for at midlane vert nytta til ramer og passepartout på utvelde bilder. Desse vil bli hengt opp i storerommet på Slippen.
Styret vil og minne om at det er mogleg å støtte laget via tippinga. Kystlaget er med i grasrotandelen. Sei i frå til kommisjonæren når du tippar.

24.01.13.
Vi vil starte Kystlagsåret 2013 med ein kosekveld på SLIPPEN.
Styret vil invitere alle medlemmer til denne kvelden. Invitasjon vert sendt i posten denne veka i henhold til medlemsliste per. nyttår.
Velkommen

2012

Desember
28.12.
2012 er snart til endes. Det har vore eit innhaldsrikt år for laget. Ei rask gjennomlesing av heimesida vil syne det mest sentrale av dette.
Nokre milepæler må likevel nemnast.
I prosessen som pågår kring reguleringa av indre Fosnavåg hamn, har området vårt blitt foreslått regulert til "museum". Dette tyder på at andre også ser betydninga av eit framtidig museumsområde i den delen av hamna. Dette arbeidet held fram og styret vil arbeide for å skaffe midlar til ei detaljregulering av vår eigedom /Slippen. Skal vi få ei betre og kommersiell utnytting av eigedomen /bygget må der til ei godkjenning av bygget til utstillingar, selskap o.l.
Løysing på ERKNA-prosjektet.
Storstilt oppprydding på Slippen med mellom anna planering i båtskuret.
Samarbeidet med Herøy V.G. Skule; ulike prosjekt på slippen som utlegging av skinner i båthall, sveising av båtvogn, vøling av diverse motorar og verktøy.
Montering av ustillingsreoler i 2 etg. Herøy Kommune har gitt laget ein del reoler i gåve, noko som har medført at vi får plassert innsamla gjenstandar der, og dermed vekk frå golvet.
Ferdigstilling av restaureringsarbeida på "Lettbåten" og "Duell"
Henting av motorsamling frå Kvamsøya.
Styret vil takke alle som i løpet av året har bidrege til laget på ulike sett og vis - og vil med dette ynskje alle eit GODT NYTT ÅR.

November
22.11.
På Slippen skjer der stadig nytt.
Reolar i 2 etg.
Der er under montering ei masse med nye reoler. Dette er viktig for at vi skal klare å stille ut og systematisere alt vi eig.
Elevar ved Herøy VG skule sveiar skinnegangar og vogner til båtopptrekket i båthallen.

07.11.
I morgon vert det henta inn ein god del reoler som Herøy Kommune har sponsa oss med. Også elevar frå HVS deltek i dette. Reolane skal nyttast i museet. Dette skjer på føremiddag.
No vert det også nytt lys på kaia på Slippen. TUSSA sponsar pærer til sola på veggen. Tryggleiken står i fokus på kaia og på bryggene nedanfor. Difor er det viktig med godt lys i dette området.
I tillegg er der montert opp stigar på bryggene på Slippen.
Frametter vinteren er det planen at lifta skal i hus og renoverast.
Ting skjer på dagtid også. Stikk gjerne ein tur på Slippen.

04.11.
Styret har behov for å sette i hop ei gruppe med brygge-folk. Denne gruppa vil få ansvaret for å drifte gjestebryggene i Fosnavåg sentrum. I dette ligg også å planlegget aktivitetar, som t.d båttreff. Eit treff i mai neste år er under planlegging.
Kontakt leiar Robert om DU kan tenke deg å vere med.
Skuleelevane frå HVS er no kvar veke på slippen, ein dag for veka. Det vert arbeidd med ulike ting.
Mellom anna er det planen at nokre av dei motorane som er startbare, skal utstyrast med tankar for kjølevæske og diesel, slik at dei lettare kan startast og demonstrerast.
I løpet av neste veke er det planen å få henta ein del reolar som Herøy Kommune har sponsa oss med. Desse skal nyttast til utstillingane i 2 etg.

Oktober
11.10.
Idag kom det stål til Slippen. Stålet skal nyttast til bygging av dei nye slippvognene inne i båtskuret.
Ei stor takk til KLEVEN som sponsa stålet, og BARO som sponsa transport.
Stor takk også til vårt nye medlem Bjørn Myklebust for utlån av pick up og til dei av våre medlemmar som har stått på for å fikse og styre på Slippen i forkant av oppstarten for skuleelevane.

05.10.
Motorsamling henta frå Kvamsøya i dag.
Vil oppdatere opplysningar når vi får full oversikt over modellar og årstal. Marna, FM, Sabb, Nogva, Penta og ein "Den Norske motorfabrikk"
Lossing av motorane på Slippen.
Den Norske motorfabrikk, 6 hk. Bergen. Tennkulemotor - generasjonen før semidiesel med vribar spiss. Toppen på desse motorane er eit stort glødehode som i si heilheit må varmast opp med glødelampe.
Etter planering i båtskuret er alt no klart for at elevane frå HVS til å bygge nye slippar.

September
30.09.
Gudrun vart for tung for krana vår og står fortsatt på slippen. Det er framleis uklart om vi i HK klarer å restaurere båten. Dette har styret bestemt vil vere avhengig av om vi får finansiell stønad av det lokale næringslivet.
Sist veke vart det planert inne i båtskuret (på eine sida). Målet er å få alt klart der til elevane frå vidaregåande skule kjem til Slippen om nokre veker. Dei skal då legge ut skinner og lag til båtvogner.
Det vert difor dugnadskveldar komande veke - både tysdag og torsdag klokka 1800 til 2000 begge dagar.

10.09.
Flytting av Gudrun.
Vi må flytte MK Gudrun litt, og til det trengs litt dugndad.
Den skal kranast nokre meter ut mot veggen i skuret på Slippen.
Det vert difor dugnad både tysdag og onsdag denne veka (11 og 12 sept), frå klokka 1800 begge dagar.

06.09.
Makrellfestival;
HK stiller opp med gamle bilder og film i gamle Kalimera lokala på Holmsild.
Laurdag frå 1000 og utover.
Kaffe, Vafler og loddsal.
Jan Ove er ansvarleg for dette.
Stikk innom.
MK Gudrun. Det pågår ein seriøs prosess der styret ser på om det er mogleg å få til restaurering av denne båten. Slik ståa er i dag har ikkje HK folk til å gjere dette sjølv. Til det trengs det også ei viss ekspertise. Riksantikvaren har ikkje midlar til fleire prosjekt, og har takka nei til å delta.
Kystlaget i Bjørkedalen har blitt forespurd, men dei har heller ikkje kapasitet.
Vi treng å finne ei løysing på båten då den no sperrar for den planlagde planeringa og slipp-utbygginga i båtskuret.
Gudrun må difor uansett flyttast.
Alternativa slik styret ser dette - er å gje den bort, restaurere den ein annan stad, eller i verste fall destruksjon. Uansett treng HK finansiell bistand utanfrå om vi skal få til noko. Det vert arbeidd med dei ulike alternativa.
Eit omfattande arbeid gjenstår på Gudrun.

August
30.08.
Rydding og ommøblering pågår i 1 etg.
Det er slik at elevar frå Herøy VG Skule skal vere ein del på Slippen framover og fleire prosjekt er tenkt utført i lag med skulen framover.
Det er difor vikgtig at der vert rydda og sortert i tida framover.
Det vert difor ny aktivitetskveld neste ondsdag (5 sept) klokka 1800. Kom ein tur då vel.
Stikk gjerne ut på Slippen på dagtid, då der som regel er ein kvan der..
Hugs at båtvogna ute er operativ, so det er no mogleg å få slippe der.

28.08.
I morgon onsdag tenkte vi å ta ein god dugnad/aktivitetsdag på slippen frå klokka 1800.
Makrellfestivalen treng dansevakter. Kystlaget får 750.- pr. vakt. Lyst?
Ta kontakt med Britt Paulsen 99 21 00 20 og meld deg på. Hugs å oppgi HK.

19.08.
Kystlagsteltet.
Mange stakk innom og helsa på, kjøpte seg ein kopp kaffi og bladde i bilde-albuma som Jan Ove hadde tatt med. Elles selde vi litt kokt og rå linolje.
Det vart grilla litt til medlemmane som deltok i teltet, og Per Ove og Robert fortalte om motorane vi hadde med på tilhengaren.
Både Lettbåten og DUELL var med på treffet. Jostein stilte med SKØY
Glimt frå treffet.

16.08.
Kystlaget vil som før varsla stille opp på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik. Planen er at både Lettbåten og DUELL skal vere utstilt. Dei går frå Ulsteinvik torsdag middag.
Planen er vi tek opp eit telt og puttar nokre motorar inn der.
Nokre av medlemmane som vil delta på standen?
Ta kontakt med Robert 90658517.

Juli;
06.07.
Årets Landsstevne går av stabelen på Bragdøya26-29 juli
Sjå info www.bragdoya.no
Elles pågår der div. slipping av mindre båtar på slippen for tida.

Juni;
21.06.
Forrige veke var leiar Robert vert for ei 8 klasse frå Ytre Herøy Ungdomsskule. Gjengen fekk omvisning på Slippen og ei god dose lokalhistorie før dei for ut i Våja på Sommardagar.
Elles pågår det div. arbeid på Lettbåten og Duell slik at dei vert heilt ferdige. På Duell er det lugaren som gjenstår, medan Lettbåten har framleis litt innkøyringsproblem med motor/omstyring.
Fleire snekker har vore på land siste vekene.

12.06.
Nærmar seg maritim Sommarfestival. Har du lyst å delta?
Møt opp på slippen på onsdag klokka 1800 for rigging og litt planlegging.
Duell og Lettbåten skal ligge på sjøen.

07.06.
Nytt vindu til salgs, pwc.
Vi har eit større vindu - nytt - som vi ikkje treng. Nokon som kan vere interessert?
Står på Slippen. Stikk innom og sjå. Pris vert vi samde om.
Vinduet er innpakka i plast.
Flytebrygger. Slik det ser ut no har vi berre to brygger som er til salgs i år. "Løp og kjøp".

06.06.
Om ei god veke er det maritim sommarfestival. HK vil stille med teltet sitt i området ved REM. Vi vil legge ut Lettbåten og DUELL på sjø, Oslojolla vil vi ha på hengar ved teltet. I teltet vil vi selge linolje, sildefilm og ev. litt svele/vafle og kaffi.
Onsdag klokka 1800 riggar vi opp. Det er berre å møte opp på slippen.
Vi treng folk både på bryggene og i teltet. Ta kontakt med Robert om du vil stille. robert@voldnes.no 90658517.
Jan Ove vil syne film og bilder.
På slippen vil vi framover prøve å få til aktivitetsdagar onsdagar framover frå 1800. Det er er berre å møte opp. Der også folk dei fleste dagar på dagtid. Det er lov å kome innom og tilby hjelp.
Det vil bli søkt om å få legge ut fleire flytebrygger ved slippen. Då vert det ev. og høve å leige seg båtplass.
Snekka Pegasus vil bli pussa litt opp utover sommaren. Deretter vil vi vurdere om vi skal behalde båten eller legge den ut for sal. Deretter vil vi sjå på KALLE snekka.
Styret legg opp til ein åpen dag - Kystkulturdag til hausten. Då vil vi informere publikum om Slippen og planar vi har der, samt om planar for båtane.

Mai;
30.05.
Rostemne på Bjørkedalsvatnet. 9 juni.
Ta kontakt med Tove Hjellnes ved Bjørkedalen Kystlag om du vil bli med !

27.05.
"Duell" vart ferdig til Kronprinsbesøket.
DUELL klar for sjøsetting.
DUELL i samband med kronprinsbesøket. Svein og Øyvind ombord.
Skøy til høgre. Jostein la den dit for å skape litt stemning.
Embla i fint driv.
Kronprinsbesøket i Fosnavåg sist fredag vart ein stor suksess.
Mange småbåtar var møtt opp og tok i mot Kongeskipet, mellom andre Kystlaget sin nyrestaurerte DUELL. Den tok seg fint ut mellom alle plastbåtane.
Kystlagsleiar Robert Voldnes var programleiar for underhaldninga i sentrum og Jostein og Per Ove hadde kontroll på bryggene.
Kongeskipet ved RUNDE.

18.05.
Lettbåten har hatt litt problemer med forgassaren. Men Per Ove held på å skaffe ei rett dyse. Vonaleg vert den då heilt fin.
DUELL nærmar seg sjøsetting. No pågår der siste finish i styrehuset. Før sjøsetting skal det byggast benkar ute og master skal opp.
Olympic, Havila, Bourbon og REM har alle bidratt med 2000.- til utstyr til "Lettbåten" og "DUELL". Asbjørn jobbar med sponsorane til dette.
Vi takkar.
Atle Berge vil sponse oss med folie med namn på DUELL og DYRKORN sponsar med rabattar på tauverk og sikkerheitsutstyr.
Takk !
Egersund Herøy har sponsa oss med 10.000.-
Dette kjem godt med, særleg i samband med gjestebryggene i sentrum.
Vi takkar.

16.05.
Kronprinsbesøket:
Kystlaget skal ha bryggene klare til fredagen. Vi håpar på mykje folk i sentrum og mange båter i bryggene neste helg.

01.05.
Dugnad på brygger i sentrum.

April.
30.04.
Lettbåten er no sjøsett etter div. arbeid. Det synte seg at der var eit par lekkasjar som måtte tettast på anna vis enn trutning, vidare var der behov for justering av forgassar, choke etc, justering av ballast måtte til og åpning måtte lagast mellom spanta slik at vatn rann til pumpa.


22.04.
I går vart Lettbåten sjøsett klokka 1230.
Etter mykje arbeid i vinter framstår båten som eit smykke.
Motoren startar, men der er noko gale med forgassaren som ein lyt få i orden før båten vert teken i bruk.
Grunna ei lekkasje i ein gåen saum såg vi ikkje anna utveg enn å ta den opp att i dag. Planen er å få dette ordna og få den ut att i løpet av mandag og tysdag, og deretter få fiksa forgassaren. Her lyt nok den eldre garde i sving.
Planen er at båten skal kunne nyttast av den som har lyst av medlemmane.

15.04.
Etter årsmøtet sist fredag vart følgande styre veld;
Robert Voldnes held fram som leiar
Asbjørn Endresen
Arnstein Selvåg
Hallstein Frøystadvåg
Etter årsmøtet synte Jan Ove gamle bilder, og vi kika på "Duell" som snart er ferdig restaurert.

08.04.
Styret minner om årsmøtet som vert førstkomande fredag - klokka 1900 på Slippen.
Vanlege årsmøtesaker.
Jan Ove vil vise film/bilder etterpå.
Flytebrygger i sentrum/Fosnavåg Gjestebrygge.
Nye ståldeler er under produksjon og vil truleg bli montert komande veke. Her er vi avhengig av dykker.
Styret vil i løpet av våren sjå på heile anlegget og ta ei totalvurdering på ev. oppgraderingar og nyinvesteringar. Særleg har vi fokus på å finne ei betre og meir optimal løysing på straumdelen. Ulike typer kortløysingar er under vurdering.
"DUELL"
Eit voldsomt arbeid er alt lagt ned, og båten vert skikkeleg fin.
Nyrestaurert overbygg og lakka skutesider. Arbeid pågår inne i lugaren.
"PEGASUS"
Planen er at "Pegasus" skal inn på golvet når "Duell" er ferdig.
"KALLE"
Nokon som vil pusse opp KALLESNEKKA?
Ta kontakt med leiar Robert om du har lyst å pusse på denne flotte snekka. Den som pussar den opp vil og kunne få nyttte den som si eiga.
Ev. sal kan og vurderast.

Mars
26.03.
Silda vår vart utseld på kort tid laurdag.
Arbeidet på "DUELL" pågår på dagtid. Stikk gjerne innom å sjå..

22.03.
Det vert sal av siste rest av boknasild - på ytre Almenning førstkomande laurdag klokka 1230 og utover.

20.03.
Boknasilda gjekk unna på laurdag.
Takk til Fosnavaag Seafood som sponsa silda også i år.
Her er litt tips til dei som likar gamaldagse klede.
www.sveivajakken.no
Anorakkar i farga og borka seilduk.

15.03.
Gjestebrygge-delen ved restaurant "Bryggen" er stengde. Der har truleg vore ein påkjørsel av båt som har gjort at eine pilaren er skeiv, deler av fenderlista er borte, og ein annan pilar er laus. Der kan ikkje ligge båtar om det bles opp.
Dette er ei forsikringssak, og vi avventar kva dei kjem fram til før vi set i verk utbetrings-tiltak.
På slippen held ein på med restaureringa av Duell. Dette skjer på dagtid. Dersom nokon har lyst å stikke innom og hjelpe til, er det fritt fram for det.


03.03.
Vidaresender link til Bjørnsund i juni (22-24 )
Vennligst gi oss en (uforpliktende) tilbakemelding hvis dere synes dette er interessant og dere ønsker å delta. Mye av programmet er enda uavklart.
Mer informasjon og detaljert program vil bli tilgjengelig etter hvert på følgende side: http://www.kystkultur.org/
En del informasjon og bilder fra tidligere arrangement er publisert på Facebook; http://www.facebook.com (søk etter ‘Kystkultur’).

01.03.
"DUELL" frå 1952.
Isak Teige har hatt båten sidan ny, og svigerson Svein Sporsheim har hatt den eit par år. Båten er no gitt som gåve til HK.
Sabb 10 diesel frå kring 1973 står ombord, overhala i 2006.
Der er litt råte i baugen og litt på dollborda, samt på overbygget. Vidare er skottet i lugaren skada av råte. Truleg vil der dukke opp litt her og der etterkvart som oppussinga skrid framover.
Planen er no at vi skal pusse på båten frametter vinteren og våren. Det er og tenkt at den skal riggast opp att med dei originale mastene.
Det vert arbeidd med ein tabell over aktivitetar der pusse-kveldar vert annonsert.

Februar.
28.02.
I kveld tysdag - klokka 1800 vert det transport av ei snekke frå Eggesbønes Notbøteri til Slippen. Transporten skal gå landevegen med lastebil.
Lyst å ta del? Møt opp på Notbøteriet.
Snekka er "Duell", som HK har fått med Svein Sporsheim.
Kjem attende med meir info. om båten seinare.


25.02.
Vi takkar Fosnavaag Seafood for silda.
Karane har i dag vaska, flekt og hengt opp sild.
Nytt i år er at det er laga til ei heis slik at ferdig flekt sild vart
krana opp til 3 etg. for henging. Før har ein måtta gått alle trappene.
Sildearbeid 2012.
Ny patent for oppheising til 3 etg.
Då vert det sal av boknasild om nokre veker.

24.01.
Av ulike årsaker vart sildearbeidet flytta til i morgon laurdag. Frå kring 1030 og utover dagen.

21.02.
Styret inviterer til sildeslag førstkomande fredag. Boknasilda skal tillagast..
Har du lyst til å sjå korleis silda vert flekt og hengt opp, er det berre å kome å sjå. Har du lyst å hjelpe til, gjeld det same. Kjekt og lærerikt.
Skjer på Slippen fredag -frå sein ettermiddag.( ca. 1700 og utover). Ved spørsmål - 482 18 980 , Jan Ove Aarvik.
Frå tidlegare sildeykt.

05.02.
Nærmar seg opphenging av sild.
Vil du vere med kan du kontakte Trond Tellefsen eller Per Ove Djupvik, eller send ein epost til leiar Robert.
Styret held elles på med å planlegge første halvår og har ein del planar..
Det hadde vore fint om medlemmane våre kunne kome med innspel til oss om ting ein var opptatt av, eller har lyst å delta på.
Det er ikkje så lett for styret å arbeide utan at medlemmane engasjerer seg litt og har tankar og meiningar om framtida. Slik det er no saknar styret engasjement og innspel.
Styret er opptatt av å stake ut ein god og berekraftig strategi for laget, difor er det viktig at du som er medlem gjev vink om både det eine og det andre.
Faste dugnadskveldar har vi kutta ut då det ikkje var interesse for dette. No for tida er der folk på slippen stort sett kvar dag - på dagtid. Vonar at nokon av medlemmane vil stikke innom og delta i det sosiale.
Særleg motorane står på skade og skulle hatt litt kyndig behandling. Innadørs og kjekt arbeid. Nokon som vil?
Tek elles sikte på ha nokre aktivitetar i sommar. Maritim Sommarfestival og Trebåtfestivalen er blinka ut.
Ein tanke vi har er å rigga Vikene-jolla og prøvesigle.
Snekka "Pegasus" skal på land for vøling.
Det syslast med kurs i kystskipper.
Interessant?
Ta kontakt med leiar for meir info. eller innspel. Send gjerne epost.

04.02.
M/K "ERKNA";
Som mange sikkert har fått med seg vart "ERKNA" for ei tid sidan flytta frå Almenningskaia i Fosnavåg til Tjørvåg.
Kystlaget har i lengre tid hatt dialog med Herøy Næringsforum om vidare bevaring og drift av båten i Herøy. Som mange hugsar fekk Kystlaget "ERKNA" frå Herøy Næringsforum i 2008.
Det har synt seg vanskeleg for kystlaget å få til tilstrekkeleg entusiasme kring bevaring og drift, og ein har difor vore open for å finne betre løysingar til beste for båten.
Slik det ser ut no vert det ei ny avtale på dette der Arnfinn Karlsen på nytt overtek stafettpinnen for bevaring og drift av "ERKNA".
Har då fått vite at mb "Trafik" som det vart spurt om - vitast å vere søkkt på 1970 talet.
Knut Perry Teige veit ikkje noko om endelikta til båten, men har funne ut at den vart bygd i 1920 , truleg i Bjørkedalen, den var på 26,9 fot, 9 fot brei og 5,8 fot djup. I 1937 vart den litt ombygd. I 1939 kom der ombord ein 10 hk. Hjelseth motor.
Svein har då med litt kranhjelp frå Herøy Byggsenter fått henta i hus ein gamal motor som har vore brukt som trøskeverkmotor i Igesund v/Alf Igesund. Motoren er truleg ein Rapp, ukjend årsmodell. Det skal vi forske litt på. Robert og Svein fekk motoren i hus på Slippen i dag.
Dessverre er den ikkje startbar, men fin til utstilling.
Det vert arbeidd å Slippen på dagtid, og vi oppmodar folk om å stikke innom. Sosialt og matnyttig. Målet er å få til litt frivillig aktivitet på dagtid. Neste no er litt snekring i 1 etg.
Neste veke skal det hentast litt meir utstyr frå gamle Hjørungavåg Mek. Ei sag til rør og stål. Kjekt å ha i smia.
Slippselskap; Det nærmar seg innbyding til skiping av eit nytt aksjeselskap. Tanken er at eit nytt aksjeselskap skal stiftast og stå føre utbygging og drift av slippvogn ute og inne. Interesserte kan kontakte leiar Robert V. Men det vil uansett bli godt annonsert for eit åpe møte om dette. På dette møtet vil ein ta opp emnet og sjå om der kan vere interesse for dette.

Januar
22.01.
Etterlysning.
Nokon som hugsar ein båt som heitte "Trafik", ein liten dekksbåt. M-278 HØ, eigd av O. Løfoll i Herøy. Eigarane før Løfoll lurer på om nokon veit noko om båten, om den eksisterar, ev. kvar den vart av når den forlet Herøy. Ta kontakt med Robert Voldnes på epost eller telefon om du veit noko.
Dato for årsmøte og fest ( 20 års jub.) vert den 13/4. Merk datoen.
Åpe for alle medlemmar av HK. Stad - på slippen - sjølvsagt.

16.01.
Velkomen til nytt kystlagsår.
Styret jobbar no med å planlegge året, og det er tenkt medlemsfest (20 års jub.) i samband med årsmøtet. Kjem attende med dato og opplegg seinare.
Vidare vil vi i år prøve å få til stands på maritim sommarfestival og Trebåtfestivalen i Ulsteinvik.
Viktig arbeid pågår på slippen. Hadde vore kjekt om fleire medlemmar stikk innom og bidreg til å skape eit miljø.
Vi har søkt Riksantikvaren om bistandsmidlar til Gudrun. Planen er at vi skal starte opp restaureringa av båten i løpet av vinteren.
Vi vonar at også fleire i laget har lyst til å delta i dette viktige og kjekke arbeidet framover.
Diskusjonar om framdrift på Gudrun og Lettbåten.

Oppdatert 15.12.11.
2011

Desember
15.12.
Kjære alle sammen. Det nærmar seg jul.
Det har skjedd mykje spanande i Kystlaget i 2011, og det meste av dette kan ein lese om ein lese på heimesida.
Styret vil med dette takke alle som har vore aktive på ein eller annan måte i 2011 og vi håpar på god aktivitet også neste år.
God jul og godt nyttår til alle kystlagsvener.

03.12.
Mykje skjer på slippen om dagen (på dagtid). Otto Myklebust og Svein Sporsheim har i lag med Jostein fått gjort masse. Svein har gjort ferdig mykje trearbeid på lettbåten som no er klargjort for bruk. Styring og ratt, eksosopplegg, nye tiljer og tofter, div. anna trearbeid. Den vert no gjort rein i påventa av våren og sjøsetting.
Den store døra i motorhallen er tatt ned og erstatta av ein isolert trevegg. Otto er bas for dette. Dette vil ha stor påvirking på temperaturen inne til vinteren.
Svein og lettbåten
Otto i sving
Forrige veke var Robert, Jostein, Per Ove og Jan Ove i sving på dugnad. Haugar med material vart stabla og div. gjenstandar frakta opp i 2 etg. Området for nye vognene skuret er no klart for jevning.

November
19.11.
Dugnaden i dag vart utsett, då der ikkje kom fleire enn to stk. Det var mange som ikkje kunne møte i dag av ulike grunnar.
Difor prøver vi på ein ny dugnad fk. onsdag frå klokka 1730 og utover.
Det er litt ymse av rydding og div. flytting av litt material som skulle vore gjort - slik at vi kan ta til med jobben inne i båtskuret.

18.11.
Hugs dugnaden i morgon 19/11 - frå klokka 1100. Kom ein tur då vel.
Styret er elles opptatt av at der skal vere aktivitet på slippen.
Har du tips om ting som kan skje, ta kontakt med leiar.

16.11.
Mykje skjer på Slippen om dagen. Fleire karar har vore i sving med på Lettbåten og med snikkaroppdrag i 1 etg.
Dette skjer på dagtid. Stikk gjerne innom for å sjå - og medlemmar eller ikkje-medlemmar er velkomne til å ta del.
Lettbåten er snart sjøklar med nye tofter og tiljer, samt ein del andre tekniske utbetringar. Den vert no breidd ned og ventar på våren.
Dei store dørene i 1 etg. vert bygde igjen. Otto Myklebust er boss for dette i lag med Jostein. Svein Sporsheim har vore i aktivitet på Lettbåten.
Førstkomande laurdag tek vi ein dugnad frå 1100. Litt rydding må til.

05.11
Minner om dugnad fk. onsdag klokka 1800.
Det er tatt direkte kontakt med nokre spreke pensjonistar med spørsmål om kva som skal til for at Slippen kan bli ei dagtids-base for for dei. Styret håper at vi kan lukkast med å få til litt meir aktivitet gjennom vekene. Kaffitraktaren står klar. Andre stader er det nettop pensjonistane som nyttar slike stadar. Det sosiale er like viktig som det å gjere noko.
Der er motorar og båtar å pusse på, og gjenstandar som skal registrerast og forteljast historier på.
Mellom anna skal snekka Pegasus opp for vøling, og slippvogner skal sveisast no framover. Ta kontakt med leiar ved interesse eller møt opp fk onsdag.

Oktober
29.10.
Anne Linn Kvalsund frå Fosnavåg presenterte master oppgåva si om slippen- "havets hus". Ho har laga sitt draumescenario om korleis slippen kunne ha blitt omgjort til eit hypermoderne opplevingssenter med innvendig heis, kafe, akser, nye trapper og tøffe utstillingsområder. Ved bruk av åpne løysingar og lyssetting, samt projektorar ser ho føre seg særs spektakulere løysingar.
Modell av slippen.
Dugnadsarbeid.
Det pågår arbeid på Lettbåten. Dette er no i sluttfasa. Asbjørn Endresen held m.a. på med nye tiljer. Planen er no å klargjere båten heilt til sjøsetting (som vert til våren).
Planen er vidare no å ta inn snekka "Pegasus" til litt pussing inne på golvet.
Minner om dugnaden fk tysdag klokka 1800. Der er noke material som ligg i båtskuret som må flyttast litt for å kunne planerere der. Den skal flyttast bortom "Svartisen" (i skuret.

26.10.
ERKNA tatt opp som medlem i Norsk Fartøyvern Forening.
www.norsk-fartoyvern.no

25.10.
Etter styremøtet i kveld kan vi slå fast at mykje positivt skjer på slippen. Anlegget er rensa for mykje skrot og framstår meir rydda enn nokon gong. For å halde opp trykket har ein bestemt seg for å prøve nokre dugnadsykter;
fk. laurdag 1100 og f.k tysdag 1800, Onsdag (2/11), kl 1800.
Slik det ser ut no kjem Anne Linn Kvalsund og presenterer masteroppgåva si på Slippen fk. laurdag (29/10) klokka 1400. Den som vil kan kome og høyre, og samstundes sjå kor det ser ut på slippen for tida. Oppgåva omhandlar slippen.
Er det nokon som har lyst å pjuske med båtar, motorar eller litt snikkering på slippen utanom dugnader - ta kontakt. Treng ikkje å vere medlem heller. Dette gjeld også for ERKNA.
Vi har sendt søknad til Riksantikvaren om midlar til "Gudrun". Om dei ikkje vil yte noko, får vi vurdere kva gi gjere med båten. Det vil koste ein god del å setje den i stand. Utan stønad har ikkje HK muligheit til å klare det.

20.10.
I går hadde kystlaget besøk av Nordvest Skipsfartshistoriske Forening - Ålesund. Nærare 20 seniorar frå ulike deler av Sunnmøre var til stades. Leiar Robert tok i mot og synte rundt på slippen ein god times tid. Deretter var det tur i Ura og "Voldnesbygget".
Karane som var på besøk driv mellom anna å restaurerer motorar med tilhaldsstad Vegsund Slipp, og dei var mektig imponerte over alt som er samla her i Fosnavåg. Mykje maritim kompetanse var samla på Slippen i går.
I kveld torsdag kjem eit lass med stål til slippen. Dette er stål til opptrekksbana i båtskuret. Kontakt Jostein om du har lyst og høve til å delta i sveising og rigging. Planen er at det skal skje i vekene framover. Vil kome meir attende til dette.

17.10.
Laurdag hadde Per Ove og Jan Ove stand på frivilligdagen på Kulturhuset. Godt besøkt.
I lag med fotoklubben har HK fått overtatt ei lamineringsmaskin frå FOA fotograf. Denne skal stå på fotorommet på slippen. Gull verdt for bevaring av gamle bilder. Med dette vert det og innleia samarbeid med fotoklubben.
Jostein har no gjort seg ferdig med rydde og byggearbeid på slippen i denne omgong. Mellom anna er det spikra igjen og tetta etter gamle døra på slippen, heissjakta og pipa. Dette for å halde varmen til vinteren. Styrehuset til Gudrun er flytta og meir plass er rydda i 1 etg.
Arbeid med budsjettering, finansiering og styrkeberkning for slipp inne og ute tek no til for alvor.

12.10.
I dag har trebåtbyggar Jarle Aas frå Vestnes vore på synfaring på "Gudrun". Dei vil gje eit tilbod på å bygge ny hekk inklusiv ny skansekledning frå bakken og attover. Å bygge ny hekk på båten inneber å skifte 5 bord på kvar side fra stilken og framover i ulik lengde, lage fleire nye spant og rekkestøtter i hekken og ny hekkbærar og krans. Når styret får sett på dette vil vi kontakte både riksantikvar og andre for å høyre om stønad. Det vil koste ganske mykje sa Aas. Kor mykje vil tida vise.
Om nokon av lesarane våre har kompetanse med trearbeid og kan tenkje seg å bistå, ta kontakt med leiar Robert. Dette gjeld og forefallande arbeid på slippen.
Inne i båtskuret har Jostein omrokkert båtar og gjort klart for planering av eine delen av skuret. Div. arbeid for tetting av huset er også utført. Om nokon har anledning til å hjelpe til er det berre å ta kontakt med Jostein.

06.10.
Laurdag klokka 1500 -1700 tek vi oss ein ny dugnad på slippen. Kom ein tur då vel. Dugnad og kaffi = Sosialt.
T.d. ta inn stiger, og ting som ligg ute, breide ned div. større gjenstandar ute, ha i hus vinde og Marna, stable om/flytte material til "Gudrun", snu oransje båten, justere port mot kaia, dessutan er det div. vindu som kunne vore skifta, montere lys i 3 etg, montere brannslange i skuret.
Om nokon har tid - levere div. batteri og tv på brannstasjonen over helga.
Per Ove og Hallstein hadde dugnad i dag på ERKNA, la på meir tampar, ein hadde slitna i den sterke vinden.

05.10.
Det skjer mykje på slippen for tida. I formiddag fekk Robert spørmål om kystlaget ville ta i mot div. gamalt utstyr frå Hjørungavåg Mek. Han takka ja. No i kveld var han, Hallstein og Jostein på slippen og tok i mot sveiseapparat frå 30 talet, dreiebenk med reimdrift, slipemaskin for borar og ein flott blåselampe. Alt frå skipsindustriens spede barndom. Om ikkje HK hadde tatt i mot, hadde dette blitt kasta.
Rydding. Jostein ventar på containarar. Om ting blir henta, tek vi sikte på ein dugnad laurdag. Kjem attende på det.

04.10.
Arbeid pågår på dagtid på slippen denne veka. Jostein står føre ei storopprydding. Har du høve, stikk ein tur innom då vel.
"Mody" er tatt ut for destruksjon, "Svartisen" er flytta, "fangsbåten" og "lettbåten" det same. Dette fordi at delar av båtskuret skal planerast og klargjerast for skinner og vogner for snekkeslipping. Avfall og skrot vert henta og det skal bli rydda kring novene.
Vi har bestemt oss for å sjå om det let seg gjere å få sett i stand "Gudrun". Vi ser på moblegheiter for å lage til båthus for småbåtane ute.

01.10.
Dugnaden på slippen var godt bemanna. Det har vorte rydda og ordna både i 1 og 2 etg. og gjort klart for div. vekkøyring komande veke.
Jostein vil arbeide ein del på slippen komande veke. Dersom nokon har anledning må de berre stikke innom og ta i.
Utviding av porten mot kaia.
Kaffipause

September
29.09.
Etter det ekstraordinære årsmøtet på slippen i kveld vart det semje om at styret får fullmakt til å jobbe vidare med planane om eige slippselskap. Tanken er å rydde i båtskuret og faktisk vil vi alt komande laurdag ha dugnad -frå 1400 der vi startar lit på rydding i 1 etg. og båtskuret.
Målet er å få delar av båtskuret rydda og ordna for båtopptrekk i løpet av hausten. Vogn ute og slipping av litt større båtar tek litt meir tid jf. løyver, søknader og slike ting. Tanken er at ERKNA størrelse skal gå opp.
Frå årsmøtet.
ERKNA. Arnstein Selvåg tek på seg å vere koordinator framover. "ERKNAS venner" vil arbeide for å bevare båten i Fosnavåg.
Vel møtt laurdag klokka 1400. Også FOLK og FORTID kjem for å knipse nokre bilder frå samlinga vår.

24.09.
Etter vellukka dugnad sist laurdag vart 5 brygger taua frå sentrum til slippen der dei vart tatt i land.
Dei bryggene som no ligg ute ved slippen er selde (mesteparten). Odd - Arne vil ta tak i dette neste veke, slik at dei som ikkje er selde vert tatt på land for vinteren.
Tauing av brygger.
Styret minner elles om ekstraordinært årsmøte" på slippen komande torsdag (29/9) klokka 1900. Saka gjeld å få ei fullmakt frå medlemmar slik at styret kan forhandle fram ei avtale om arealavståing eller rettare sagt å få etablert ei AS som skal drive med slipping både ute og inne.
"ERKNA". Styret er fortsatt på leit etter ein "prosjektleiar" for ERKNA. Interesserte kan kontakte Robert Voldnes.

15.09.
Dugnad laurdag 17de. Vi vil flytte nokre brygger frå sentrum til slippen for vinteren, og kjem til å taue brygger og krane litt. Lyst å vere i lag? Kom på slippen klokka 1400 på laurdag.

12.09.
I samband med det pågåande strategiarbeidet om bruk av Slippen vil styret inkalle alle betalande medlemmar til ein hyggeleg kveld på slippen den 29 september klokka 1900.
Dette vil vere eit såkalla "EKSTRA ORDINÆRT ÅRSMØTE".
Der vert dei kun ei sak. Og det er å skipe til eit eige aksjeselskap som skal stå føre slipping.
Styret innser at den einaste moglegheita vi har til å få til drift og aktivitet på slippen er å komersialisere dette. Ein har då kome fram til at skiping av eit aksjeselskap som står føre slipping er rett. Dette selskapet vil då tilsetje folk som skal ta seg av drift.
Til dette møtet vil styret lage til forslag til vedtekter.
Vidare ser styret føre seg å rydde også i båtskuret slik at ein kan ta opp mindre båtar der også.
Slippinga vil gje inntekter og aktivitet jf. bruk av anlegget framover.
Vidare pågår der arbeid for å kartlegge korleis anlegget og området bør sjå ut om nokre år. Dette skal vere ferdig til nyttår.

August
23.08.
Hugse dugnad i dag klokka 1700. Sjøsetting av brygger. Ved Slippen.
Sjøsetting av brygger.

22.08.
Kystlaget med stand på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik.
Jan Ove og Per Ove hivde seg rundt og røyste opp eit av telta våre på kaia. Planen var at bilder og film skulle synast frå "Hindholmen", men når den ikkje kom til festivalen improviserte karane på fin måte. Jan Ove kan fortelje at det var stor interesse for dei filmane som vart synte fram. Særlig for dei som hadde delteke i fiskeria for nokre år attende. Herøy Kystlag sin stand var i lag med ein del andre Kystlag.

16.08.
Det vert ein dugnad - tirsdag den 23 august. På slippen. Vi må montere flytebrygger og sette dei på sjøen. Dei er selde og kjøparar vil gjerne ha bryggene sine.
Jostein Skar vil leie arbeidet. Han er fri frå sjøen og vil vere på slippen på ettermiddagen. Har du tid er det berre å kome ein tur. Frå 1500. Eller kom når du kan. Ta gjerne kontakt med Jostein direkte om du vil høyre meir om tid.
Ad. "ERKNA".
Vi hadde fått ein person til å vere kontaktperson for ERKNA framover. Men på grunn av akutte ryggplager på han må vi no på jakt etter ein ny person som kan tenke seg å vere kontaktperson. Ta kontakt med Robert Voldnes om dette er noke for deg.

09.08.
Herøy Kystlag vert representert på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik. Jan Ove Aarvik vil stille opp med bilder og film i lasteromet på gamle "Hindholmen" etter mal frå i fjor.

03.08.
Medlemsmøtet er avlyst. Dette grunna at Kronprinsbesøket til Herøy er flytta til våren.

01.08.
Det vert medlemsmøte på slippen - onsdag den 10/8 - klokka 1800.
Planlegging av Kronprinsbesøket står på agendaen. Håper at medlemmar og ev. andre som har lyst og høve, tek turen til slippen for info. og ein kystlagsprat..
Vi treng nokre til for sal av mat i teltet, og litt anna bistand.
Dette blir kjekt.
Snekka Pegaus er framleis for sal, om der er nokon som har lyst på ei billeg snekke. Vi har fått bod på 2 ooo.- Det synes vi var noko lavt.

Juli
16.07.
Då ser det ut til at alle flytebryggene som kystlaget hadde for salg, er selde. Planen er no at vi innan ein månads tid tek ein dugnad og får dei på sjøen.
Mange turistar i Fosnavåg for tida. Mange stoppar og opp og kikar på ERKNA..
Jevnt sig på Gjestebryggene. Per Ove fyl med der.
Planlegginga av Kronprinsbesøket den 20 aug. er i godt sig. HK vert med som ein av arrangørane. Vi skal selge mat i teltet i sentrum heile laurdag (også under dansen), ha ansvar for båttreffet, og ha ei lita utstilling i teltet (bilder etc. )
Ta kontakt med leiar Robert om DU vil vere med på eit eller anna

06.07
Kronprinsbesøket i august;
Som mange veit skal Kronprinsparet til Herøy den 20 august. HK vert med som arrangør av båttreff den helga i lag med butikkgruppa og Saniteten. Vi skal m.a. selge mat i teltet i sentrum og ordne med båtane m.m.
Dette vert ei storhending. Styret vonar at mange av medlemmane vil vere med å hjelpe til desse dagane. Send ein mail til leiar og sei frå om du kan eller har høve. Om du ikkje er medlem, bli med alikevel.
Det er mange som er interesserte i kva Kystlaget driv med. I morgon kjem Regionavisa ein tur for å sjå og høyre om planar og tankar for slippen og Kystlaget elles.

Juni
24.06.
Folk i Bjørkedalen inviterer til fest og samvær der inne laurdag 27 august. Meld frå til leiar Robert om nokon kan tenke seg inn dit.
Maritim Sommarfestival baud på fint ver i år, og mange båtar fann vegen til Fosnavåg. Sjølv om det ikkje kom so svært mange til Slippen i løpet av helga, var dei som kom svært fornøgde med å sjå samlingane våre.
Der var rigga til med ei provisoriske Shetlandsutstilling i 1 etg., samt hengt opp masse bilder i 3 etg.
ERKNA låg i sentrum og pynta godt opp med sine nye signalflagg.
Vi fekk til eit historisk bilde av 60 personar på dekket til ERKNA. Dette skal nyttast etterkvart som vi lagar til materiell til Erkna-gruppa.
Folk frå Riksantikvaren var nyleg på besøk og såg nærare på både ERKNA, Gudrun, Svartisen og på Slippen. Dei tykte at det var så interessant at dei vil kome attende til hausten for både å sjå meir og høyre meir om planar for Slippen, jf. utstillingar og slipping og sjølvsagt båtane.
Vi har og denne veka gjennomført møte med kommuna om anlegget og planar vidare.

14.06.
Etter rydde dugnaden i kveld ser det stadig betre ut på slippen. I dag fekk vi rydda meir i 1 etg.
Det vart beslutta at ERKNA får bli liggande ved Almenningen under sommardagane.. Dette grunna sjukdom og sjøtur på dei som skulle stå føre flytting. Dessutan kan ERKNA på Almenningen nyttast som buffer for småbåtar.
Det vert uansett åpen båt under sommardagane.
Minner om dugnad i kveld 1800 på Slippen.
Minner om oppmøte på ERKNA i morgon onsdag - for historisk bilde.
Almenningen klokka 1900.

10.06.
Vi tek ein siste dugnad på slippen tirsdag den 14, klokka 1800. Litt lett rydding og sjauing + kaffi. Særleg 1 etg. må vi rydde litt til.
Neste torsdag ca. klokka 1800 må vi flytte ERKNA inn til slippen, og dei som skal selge må rigge seg til.

08.08.
Onsdag den 15 juni vil KNM HITRA og MK ERKNA ligge side om side på Almenningen i Fosnavåg.
Herøy Kystlag og Herøy Rotaryklubb vil invitere alle krigs og båt-interesserte til å kome dit klokka 1900. Som kjent har vi planar om å i lag få til ei utstilling over Shetlandsgjengen på Slippen, der også ERKNA inngår i desse planane.
Vi vil onsdag kveld plassere 60 personar på dekket til ERKNA for å symbolisere kor mange som rømte over til Shetland med båten den 17 november 1941. Dette var den største lasta av rømlingar på ein kjøl under siste krig.
Møt opp og ta del i denne unike hendinga, vi treng minst 60 personar.
Det vert åpen båt også ombord i KNM HITRA i samband med dette, altså klokka 1900 onsdag den 15 juni.

05.06.
I går var der dugdnadsfolk både på slippen og på ERKNA.
Olav og Per Ove pjuska ombord. Olav klatra og fekk hengt opp att flaggliner. Planen er å ha opp signalflagg under maritim sommarfestival.
På slippen var Petter, Robert, Kristin, Arnstein,Jan Ove og Per ove i sving med rydding og opphenging av bilder.
Linekastar og lysmotor frå MK MAGNUS vart og tatt i hus i går. Takk til Erling Remøy og medhjelparar for frakta.
Under sommarfestivalen vil kystlaget i lag med Redningsselsskapet invitere unge båtførarar til slippen for å snakke om båtvett. Dette vert søndagen klokka 1300.
Det ser og ut til at vi under festivalen kan få ei lita utstilling over Shetlandsfarta i lag med Herøy Rotaryklubb.

01.06.
Styret inviterer til ny dugnad på slippen fk. laurdag klokka 1500 og eit par timar.
Litt lett rydding her og der, samt opphenging av bilder til sommardags utstillinga.
Der vert og folk ombord i ERKNA frå same tid.


27.05.
Vi har fortsatt nokre nye og solide flytebrygger til salgs.
Ta kontakt med Odd Arne Arnesen ved interesse, 467 63 720.

25.05.
Etter div. undersøkingar og arbeid er lensesystemet til ERKNA no i orden melder Per Ove D. Der var kome plastrestar inn i systemet.
I morgon vert det ein spanande kveld i Molovegen i Ålesund, kl 18-2100. sjå sida til sunnmøre Museum om program. www.sunnmore.museum.no
Jan Ove Aarvik skal på arrangementet. Han vil køyre frå Fosnavåg. Ta kontakt med han om nokon vil fare i lag.
Fleire museum samarbeider om dette arr. M.a. Herøy Kystmuseum

24.05
Styret vil bruke årets Maritim Sommarfestival i Fosnavåg til profilering av det vi alt har, og dei moglegheiter som ligg i alt det vi styrer med. Dette betyr at vi kuttar ut salgsteltet som vi har hatt i Fosnavåg sentrum og heller satsar på åpe hus på slippen og ombord i ERKNA desse dagane.
Åpningstider vert slik under dagane; Fredag 1800-2000. Laurdag 1300-1600. Søndag 1300-1600. Vi legg opp til å tilby litt enkel servering som pølser, kaffi, vafler/sveler for dei som kjem innom.

Vi ser og på moglegheiter for litt program desse dagane. Kjem attende til det, men det som er klart er at det vil bli utstilt bilder/vist film i 3 etg. på slippen.

21.05.
God dugnad på Slippen og på ERKNA i dag.
Lensesystemet på ERKNA er delvis plukka ned og er under rensing. Per Ove D og Svein F held på.
På slippen vart 2 etg. rydda og klargjort for matsalg og utstilling under sommardagane av Gerd, Robert og Arnstein. 3 etasje fekk opphengt persienner, og ein starta med oppheng av foto utstillinga av Jan Ove Å og Asbjørn E.
På Lettbåten vil Inge Sporsheim no fikse nokre rør og Asbjørn Endresen vil få fiksa nye tiljer, zink og tette nokre sprekker. Øyvind Remøy vil so botnsmøre og vaske. Planen er å sjøsette den veka før Sommardagar. Lettbåten er ein skjeldan båt og i år SKAL den gå for eiga maskin under sommardagane.
Kjem attende med dato for neste dugnad, men styret planlegg i alle fall ein til før sommardagane.
Kaffipause
2 etg. rydda

20.05.
Hugs dugnad i morgon frå 1400 på slippen.
Styret har bestemt at snekka "Pegasus" kan selgast til høgsbydande. Ta kontakt med leiar Robert Voldnes om dette. Snekka ligg ved flytebrygga på slippen.

18.05.
Minner om at vi tek ein dugnad på slippen laurdag den 21 mai frå klokka 1400 og utover.
Stikk ein tur innom då vel. Kaffi og sosialt samvær - og litt rydding og planlegging av sommaren.
Vi kan pjuske både ute og inne.
Set av nokre timar til litt sosialt på slippen.

16.05.
Her er nokre bilder frå Sandviken i Bergen. Maritimt museum og Bergen Kystlag i lag.
Det var vanskelege solforhold, så bilda vart litt mørke. Men kjekke plass ja.
MK PEER GYNT.
MK TERJE
Vi minner om Maritim Sommarfestival i Fosnavåg den 16 - 19 juni. Som før vert det båttreff. Velkommen til Fosnavåg gjestebrygge desse dagane. Herøy Kystlag står som vertskap på bryggene, og vi vil også ha åpe hus på "slippen" og ombord i ERKNA desse dagane. Sjå eigen knapp i menyen til venstre om dette .
Vi dristar oss også til å reklamere for "Kystkulturdagar på Bjørnsund" 25 - 26 juni.
sjå www.kystkultur.org

13.05.
Vi har att nokre få flytebrygger (nye). Desse vert no lagt ut for sal. Dei kostar 19000. Ta kontakt med Britt-Unni Sporsheim eller Robert Voldnes. Bryggene ligg på land på Slippen.
Styret jobbar vidare med planane om ny slippvogn på slippen og ei større utstilling over Shetlandsfarta.
Utredningar omkring utnyttinga av bygniga på slippen, samt godkjenningsprosess på huset pågår.
STORDUGNAD VERT 21 mai - frå klokka 1400 -1700. Rydding og shining ute og inne. Isopor på flytebrygger, ev også litt maling utvendig på båtskuret. Gamle og nye medlemmer velkomne. Kystlaget stiller med kaffi.
Det vert og lagt opp til aktivitet ombord i ERKNA same dag og tid. Litt shine og rydding.

05.05.
Det nye styret hadde sitt første møte i går. Det vart mellom anna vedteke at ERKNA skal ligge ved brygga på Slippen under Maritim Sommarfestival og at vi skal ha åpen båt og slipp desse dagane. Vi vil lage til ein foldar for kva planar vi har for ERKNA. Det blir sal av mat etc. på slippen. Anna program er ikkje klarlagt enno.
Vi har invitert folk frå Riksantikvaren til å sjå på ERKNA, MODY og GUDRUN. Kan vi få noke tilskot?
Bryggene ved Trevare er selde, og blir fjerna i dag.
Planar framover vil bli laga til. Styret vil utarbeide div. lister for ting som må gjerast i løpet av året. Styret håper at vi kan få til nokre kjekke dugnadar framover. Mellom anna må vi male litt på slippen og rydde litt før sommarfestivalen. Kjem attende på datoar.

03.05
I morgon har det nye styret sitt første møte. Ein vil sjå på og planlegge ulike aktivitetar framover året, særleg maritim sommarfestival.

April
28.04.
Årsmøtet vart gjennomført på slippen i går.
Deretter fulgte eit spanande foredrag av Roald Sporstøl om Shetlandsgjengen og deira tilknyting til området her. Roald fortalte om linkar til sendaren Frey 2 i Oksavika og om brørne Snefjellå og deira verke der inne. Han var og innom trafikken på Tafjordfjella med linkar hit ut. I tillegg vart sjølvsagt rolla til Skorpa og folka der godt omtalt. Vi fekk servert historier om trafikken med fiskebåtar og seinare med ubåtjagarane - Hessa, Hitra og Vigra og at det ikkje kom vekk meir folk etter at desse båtane kom i sving. Han var innom både marinelosar, mannskap og skipperar frå Herøy som gjorde ein viktig innsats.
Roald fortalte om historia frå krigen braut ut og til den slutta. Alt den karen veit. Han framheldt også kor viktig det er å fortelje denne historia og tenke over kor viktig det er med fred, noko som i i dag tek for gitt.
Ei utstilling i Fosnavåg / slippen vil kunne heidre dei aktive på ein fin måte. Det er naturleg at det skjer her, i og med Herøy si sentrale rolle. I tillegg ligg ERKNA her og kan nyttast aktivt i dette arbeidet. Som kjent var ERKNA den båten som frakta flest folk på ein kjøl til Shetland under krigen, og den vart nytta to turar til Norge før den vart travaljebåt der borte.
Både Herøynytt og Vestlandsnytt var til stades og de kan lese meir om dette der.
Nytt styre vart:
Robert Voldnes - leiar, Asbjørn Endresen nestleiar, Arnstein Selvåg, Britt-Unni Sporsheim og Kristin Leine styremedlemmar.

27.04.
Husk årsmøtet klokka 1800 i kveld
Åpe hus på Slippen frå 1830 og deretter foredraget ved Roald Sporstøl klokka 1900
Ordinært ÅRSMØTE:
Viser igjen til annonse i Vestlandsnytt og her på heimesida om dette.
ONSDAG 27 april klokka 1800.
Årsmelding og rekneskap vert gått igjennom på møtet.
Mange spanande ting på gong. Møt opp og ta del.
Klokka 1900 same dag vert det foredrag ved Roald Sporstøl om Shetlandsfarten - og tankar om ei permanent utstilling om dette på slippen.
Foredraget er åpe for alle.
Vel møtt til gamle og nye medlemmar - på slippen onsdag 27 april, frå 1800 og utover.

12.04.
Det innkallast herved til ordinært årsmøte på SLIPPEN - onsdag den 27 april klokka 1800.
Vanlege årsmøtesaker. Valkomiteen vil legge fram forslag til nytt styre. Alle som vert foreslått har sagt seg villige. Du kan difor "trygt" møte uten fare for å bli veld til noke du sjølv ikkje vil.
Om du ikkje er medlem, men gjerne vil melde deg inn, berre kom.
Etter årsmøtet vil Roald Sporstøl halde foredrag om Shetlandsfarten og dei moglegheiter som er jf. forslaget om ei permanent utstilling om Shetlandsfarten ombord i ERKNA og på SLIPPEN.
MØT OPP OG HA EI TRIVELEG STUND PÅ SLIPPEN.
KAFFI OG KAKER.
STYRET.

12.04.
Erkna hadde seg ein liten luftetur på fjorden i strålande flott vårsol. Daniel Igesund, Jostein Skar, Robert Voldnes, Olav Notøy, Per Ove Djupvik, Kristin Leine, Britt Unni Sporsheim og Eivind Longva var med.
Ei eiga venneforeining for båten er på trappane. Ta kontakt med Robert Voldnes, Daniel Igesund, Olav Notøy eller Eivind Longva ved interesse.
Om veret er bra vil vi ta ein liten tur med ERKNA tirsdag den 12 april klokk 1900. Møt opp ved båten på Almenningskaia den som vil. Vert berre ein kort tur for å moe litt.

03.04.
Laurdag (2 april) trassa Erkna-interesserte folk både regnbyger og kuling. Byssa vart full av folk som ville høyre meir om kva som er planar for båten. Roald Sporstøl fortalte litt frå Shetlandsfarten si historie, noko som han og andre meiner må vere båten sitt primære satsingsområde, deretter formidling av båt og fiskerihistorie.
Det blir no arbeidd vidare med planar for korleis Erkna på best mogleg vis kan bevarast vidare, og det første som må skje er å få båten på slipp, og då få ein gjennomgong av skroget. Utan ein slik rapport kan ein ikkje planlegge noko som helst, vart det sagt.
Det vart nemd planar om samarbeid med "Shetlandsbussen" - "Hitra" når ho vitjar Herøy til sommaren, og det vart nemd ulike treff og oppdrag som Erkna burde blitt med på. Mellom anna vart Shetlandstur i samband med eit nytt museum der borte neste sommar drøfta. Inntekter til båten ser ein føre seg gjennom tilskot, sponsing, men også småturar for turistar i nærområdet.
Ei utfordring blir å finne folk med papir til å føre båten og i maskina. Ta kontakt med Robert Voldnes eller Daniel Igesund ved interesse for deltaking. Her er plass til alle som vil.

Mars
Ad. "ERKNA" - vidare bevaring i Herøy.
Styret ser at HK ikkje hittil har klart å få til nok entusiasme kring bevaringa av "ERKNA" slik intensjonen var ved overtakinga i 2008, og vidare - at det synast å vere ei utfordring å få dette til. Styret har difor tatt kontakt med Herøy Næringsforum for litt rådslaging og idemyldring jf. framtida for båten. Det er no semje om at ein kan åpne for å sjå på andre konstellasjonar for framtidig bevaring av båten enn dagens.
Ei løysing kan vere å flytte "ERKNA" over i ei eiga foreining som kun skal drive med bevaring av båten. Men dette må ein sjå nærare på i lag med folk som kan tenke seg å engasjere seg, alternativt kan den vere i HK, men då med ei eiga undergruppe som har alt ansvar.
Om du er interessert i å delta i bevaring av "ERKNA", medlem eller ikkje - møt opp på båten - førstkomande laurdag klokka 1500 - for ei idemyldring der. Koordinator for dette er Robert Voldnes.
"Erkna" og "Heland" på tur. To flotte "Shetlandsbussar"..
Silda;
Salet av boknasilda gjekk flott på Almenningen sist helg. Takk til alle som har delteke i dette, anten som sponsor av silda (Fosnavåg Seafood) flekking og henging og deretter salet.
Salet av silda er med på å gje pengar i kassa, men og - og det er viktig - ta vare på ein gamal mattradisjon. Med andre ord kystkultur. Godt kystlagsarbeide.
Kystlaget kan sjølv vere med å bestemme kor mykje vi kan få i gåvemidlar frå Sparebanke 1. Send SMS med kode LAG 61 til 95 09 99 00.

Februar
Filmkveld på Remøy Skule:
17 februar var Jan Ove Aarvik på Remøy Skule og synte bilder og film. Kring 80 personar møtte opp. I følge dei frammøtte hadde det vore ei kjekke stund. Grendalaget hadde lagt ned mykje arbeid til dette arrangementet. Det er eit viktig arbeid kystlaget gjer med desse bilda og filmane. Ta kontakt om de har lyst til å få tatt vare på gamle filmar eller fotos.
Sist helg vart det hengt opp 2800 sild. Ei stor takk til alle som tok del og til Fosnavaag Seafood for silda.
Salgsdato, kjem vi attende til.
BOKNASILD:
Fredags ettermiddag og kveld (11 feb) og heile laurdag (12 feb) vert det arbeid med SILD. Om du har lyst å lære meir om å lage boknasild, eller vere med på dette for det sosiale sin del. Berre møt opp på slippen.
Filmkveld på Remøy Skule;
Remøy og Sævik Grendalag i lag med HK inviteter til til visning av to filmar på Remøy Skule - torsdag den 17 februar klokka 1800.
"Sildefisket i 1956" og "Ein doktors kvardag i Herøy". Ved Jan Ove Aarvik
Styremedlemmar?
Det nærmar seg årsmøte i Herøy Kystlag. Valkomiteen oppmodar medlemmar som kan tenke seg å vere med i styret om å ta kontakt med Robert Voldnes (robert@voldnes.no) om dette. Om du ikkje er medlem, men kan tenke deg eit styreverv, ta også kontakt.
Om du berre er interssert i å bli medlem utan verv, er det også berre å ta kontakt eller følge linken i hovedmenyen ute til venstre.
Er du medlem i Herøy Kystlag er du og medlem i det landsdekkande Forbundet Kysten og vil få det flotte medlemsbladet KYSTEN derifrå.

Januar
"ERKNA" treng ein del stell frametter vinteren og våren. Robert Voldnes har f.t. ansvaret for båten og interesserte kan henvende seg til han på telf. 906 58 517. Halve taket i bysse/messe er tatt ned. Der er lekkasje i frå dekket over. Planen er å rive alt av tak i byssa og deretter lokalisere kvar vatnet kjem inn. Deretter er planen å tette og so kle med fint faspanel i taket.
I maskinrommet held Jostein Skar på med å skifte ein eksosflens på hjelpemotor og gå over kjølevassrør frå hovedmaskin. Planen er og starte sentralvarmeanlegget.
Om de vil vere med på dugnader og aktiviteter på "ERKNA" - ta kontakt med Robert.
(Foto, Gudmund Solstad.)
På slippen skjer lite for tida.
Per Ove Djupvik er fortsatt ansvarleg for billettering på gjestebrygger.

2010

Desmbernytt
Dette vert den siste oppdateringa av heimesida før nyttår .
Styret vil benytte anledninga til å ønske alle medlemmar ei riktig GOD JUL og med dei beste ønsker for det nye året, eit år der vi i Herøy Kystlag skal feire 20 års jubileum.
"ERKNA" (11/12);
Etter oppstart av HJELPEMOTOR i dag synte det seg at der er ei stor eksoslekkasje frå denne motoren.
Er her nokon i laget eller andre som kan sjå seg syn med å demontere og anten sveise ellers skifte ut det som lek. Lekkasja er i den fleksible manifolden. Ta kontakt med Robert Voldnes 906 58 517. Vi er avhengige av å køyre hjelpemotor for lensing og oppstart av hovedmotor. Så dette er viktig. HASTAR.
Hjelpemotor treng og etterkvart overhaling av dyser, truleg og ventilar.
"ERKNA" treng og fleire vaktmenn/aktive. Pr. i dag står vi med få faste folk på "ERKNA "i det Per Ove no vil ha ei pause etter fleire år som ansvarleg. Kontakt Robert Voldnes - 906 58 517
BRYGGER; Per Ove/laget treng og der bistand. Noken som kan tenke seg å bistå. Innkreving av kaileige etc. Kontakt Robert eller Per Ove.
Jan Ove vil syne fram film og gamle bilder i tidlegare KALIMERA lokala i Fosnavåg i dag ( 10/12 ) og i morgon. Sjå dagens VESTLANDSNYTT for meir informasjon.
Kystlaget har fått mykje skryt og respons for dette. Nyleg var og Jan Ove ein tur på Herøy Alders og Sjukeheim i same ærend.
Per Ove har hengt opp julelysa på ERKNA. Lyser fint i adventstida.
Administrativleiar Odd Arne Arnesen er på jobb (offshore), men har sendt følgande "julebrev".
TIL ALLE KYSTLAGSMEDLEMMER:
Julen nærmer seg og jeg vil gjerne benytte anledningen til å ønske alle en riktig GOD JUL og ET GODT NYTTÅR.
Aktiviteten i Herøy Kystlag har vært laber den siste tiden og som dere ser av utsendte Kystlagsnytt så er vi kommet til en viktig posisjon på vår seilas, og vi må sette en ny kurs som vi må seile mot for fremtiden. (Se tilsendte Kystlagsnytt).
Det er ikke så lett å drive med styrearbeid og vi trenger tilbakemeldinger fra lagets medlemmer for å stake ut kursen vi skal velge. Positive og negative selvsagt.
Det er viktig at dere ofrer litt tid og gir oss i styret en tilbakemelding på hva dere syns og tenker.
Kystlaget fyller 20 år neste år og dette vil bli feiret den 30. april, legg merke til datoen og dersom dere har noen tanker om feiringen så vennligst gi beskjed. Hadde vært fint om vi kunne få samlet bilder som viser litt av historien til Kystlaget, har du noen bilder fra arrangement eller andre hendelser i forbindelse med Kystlaget så ta kontakt med undertegnede på mail: oddarnes@c2i.net
Så skal vi lage til en liten bilde fremvising til jubileumet.
Tiden for henging av boknasild nærmer seg, boknasilda er en betydelig del av inntektene til Kystlaget. Men det er også en koselig sosial samling på slippen under arbeidet med flekking, vasking og henging av silda. Jeg gler meg til den dugnaden og håper jeg er hjemme.
Jeg håper alle medlemmer tar seg tid til å sette seg inn i strategiplanene og gir styret tilbakemelding.
Mvh Odd Arne Arnesen
Leder

Novembernytt
26 og 27 vil Jan Ove stille ut gamle bilder og vise film i Fosnavåg sentrum, ala opplegget tidlegare i haust.
Jostein har kjøpt inn materialer for tetting av diverse åpningar i første etasje på slippen.. Dette for å spare litt straum etterkvart. Vert aktuelt å nytte tirsdags dugnadar til dette framover vinteren.
Kystlagsnytt på papir på veg i posten til våre betalande medlemmar.
Styret har vedteke å selge Kallesnekka for kroner 7000.- inkl. motor.

Oktobernytt
Forrige veke vart det henta ein del stolar til slippen frå Herøy Kulturhus. Desse er stabla i maskinverkstaden, men bør flyttast opp i tredje etasje.
Sist laurdag vart Pegasus starta opp og moa. Den har og fått montert inn laddar og automatisk lense
Kallesnekka; hittil har det meldt seg ein interessent mellom klubbens medlemmar, men det er ikkje kome eit formelt bod. Bodet heng saman med tilstand på båt og motor vert det sagt.
Nyleg hadde styret i HK og representantar for Herøy Rotary eit interessant fellesmøte. Herøy Rotary med Roald Sporstøl som ansvarleg har laga til ei fin utstilling for Shetlandstrafikken under siste krig. Som mange veit spela Herøy ei viktig rolle i den trafikken.
Rotary spør HK om ein i fellesskap kan gjere noko for å syne fram denne utstillinga på slippen og helst tenke stort slik at ein kan skape noko unikt ut av dette også i norsk målestokk. Erkna er som kjent ein viktig del av historia til Shetlandsgjengen og var den båten som under siste krig frakta flest folk over på ein kjøl.
Det vil verte utarbeidd eit nytt Kystlagsnytt på papir i løpet av nokre veker. Der vil også dette temaet verte belyst.
Dette er ei viktig sak som styret gjerne vil at medlemmane skal uttale seg om.
Elles ser styret for seg at vi neste sommar har eigne arrangement på slippen i staden for i Fosnavåg sentrum.
Den planlagde festkvelden på slippen no til helga (den 16 oktober) er bestemt utsett.
Alt for få har meld seg på til at det kan svare seg med det matopplegget ein hadde sett føre seg.
Vi vil heller satse på ein annan festkveld i vinter ein gong, og då med meir programinnslag, type foredrag etc
TIPPING/GRASROT - Medlemmar kan fra no av støtte HK ved tipping. OBS OBS.

Septembernytt
Hugs at det er tenkt ein liten dugnad laurdag 25 september inne på slippen 11 - 1300.
Glimt frå dugnaden 18 september
Kallesnekka får på pressening
Pegasus vart lensa og "moa"
Laurdag 18 sept. tenkte vi å rydde litt inne. Der er ein del gjenstandar etter opplegga i sentrum som må stuast vekk. Møt opp klokka 1100.
14 september var det ryddedugnad på slippen. Fangsbåten kom under tak i båtskuret etter at bandsaga og søyleboremaskina var flytta ut og plassert i sine respektive rom.
Fangsbåten på veg inn i skuret.
Laurdag den 11 sept. vert det på ny kafe i regi av HK i det gamle Kalimeralokalet i Fosnavåg sentrum. Dette fordi folk ikkje hadde fått med seg at vi hadde stand/kafe der under Makrellfestivalen.
Den planlagde dugnaden same dag utgår i det folk vert opptekne der.
Stikk gjerne innom for ein prat.
Byvandringa var ein suksess. Svært mykje folk møtte opp og var med Robert og Jan Ove på vandring gjennom Ura, Nørvågen og ut til slippen. Positivt tiltak sa folk og gledde seg alt til neste år.

Torsdag 2/9 var det bra dugnad på slippen. Mykje utstyr vart stabla og køyrd til Kalimera der vi skal ha stand under makrelldagane. Div. rydding slippen også. Klart for byvandringa laurdag 4 frå klokka 1500.
Styret ser gjerne at ein del ting vert gjort før vinteren kjem, og vi vil difor kalle inn til dugnadar nokre laurdagar. 11, 18 og 25 september er blinka ut i første omgang. Møt opp klokka 11 på slippen. Vi held på nokre timar. Ta med kaffi og godt humør.
Av ting vi vil sjå på er styrhustak på Erkna, landsetting og pussing av Dale snekka, rydde i 1 etg. slippen, forefallande på slippen, få inn fangstbåten, breide nede Oslo jolle og Kalle snekka, flytte div. verktøy og maskiner frå båthall til maskinhall, henting av ting frå buda "Ishuset".
Ver og føre får bestemme litt kva som skjer.
Haustfest er tenkt andre laurdagen i oktober - den 9/10, på slippen - ala i fjor. Kjem meir info.
Ad. Makrellfestival 2010;
HK skal bidra med stand på gamle "Kalimera". Der skal vi selge svele, kaffi og brus, våre nye og flotte T-skjorter av ERKNA, og sildefilm. Jan Ove vil vise bilder og film. Der vert og folk frå Hornelen Kystlag og ein stand for Forbundet Kysten. Åpen båt på ERKNA. Under byvandringa som startar laurdag klokka 1500 vil Robert ta folka med på slippen også.
Om du har lyst å hjelpe til med tillaging, møt opp på slippen - torsdag 2 sept. klokka 1800.
Fangstbåten på veg til Makrellfestival
Fangstbåten ved slippen.

Augustnytt
Glimt frå trebåtfestivalen i Ulsteinvik den 21 august 2010. (foto - Robert Voldnes)
"EMLA" og " THOROLF"
Nybygd Bjørkedalskutter. Døypeseremoni i løpet av treffet.
MK "HAVLYD"
Kystlaget sitt flaggskip MK ERKNA låg inst ved kaia. Ombord serverte Oddvin og Per Ove vafler, selde T-skjorter og CDàr.
ERKNA får no litt puss og stell før den skal på festival i Ulsteinvik 19 - 22 aug. Fleire kystlag kjem for å delta på trebåtfestivalen, og ERKNA skal truleg fungere også som losjibåt for nokre av dei tilreisande.
Jan Ove Aarvik frå oss vil stille med div. bilder og film frå gamle dagar, i tillegg altså til gamle ERKNA, norges eldste kvalbåt og med si spesielle krigshistorie.
Odd Arne viste rundt ei gruppe med turistar på slippen nyleg. Dette var utanlanske turistar som var i Fosnavåg på ein enorm yacht. Ein av turistane var faktisk museumsbestyrar ved eit maritimt museum i Canada. Dei likte det dei fekk sjå.

Julinytt
Der har vore jamt sig med båtar på gjestebryggene. Elles har det vorte rydda litt ute på slippen.

Juninytt
Vel blåst etter årets sommarfestival. Dessverre gjorde det dårlege veret slik at det ikkje vart den store tilstrøyminga av fritidsbåtar som vi har brukt å ha, men det er det ikkje noke å gjere med.
Stemninga var i alle fall stor i teltet både fredag og laurdagskvelden. Takk til alle som bidrog på ein eller anna måte.
Neste på programmet er at ERKNA skal delta på trebåtfestivalen i Ulsteinvik, og det er kome forespurdnad om deltaking også ved Båtfestivalen i Ålesund.
Styret vil kome attende med meir info. om dette seinare i sommar.
Sjekk program for sommarfestivalen på www.visitfosnavaag.no
Maritim Sommarfestival 2010 er i gong. Trond Tellefsen er ansvarleg for kystlaget sine aktivitetar i Odd Arne sitt fråver. Ta kontakt med han om det skulle vere noke, eller om du har lyst å delta - 917 29150.
HK skal på vanleg måte ha ansvar for båtane i gjestebryggene. Vi skal og ha salsstand inne i teltet på Almenningen. Trond vert koordinator, ta kontakt om du vil hjelpe til. Jan Ove vil prøve å lage til eit opplegg med gamle bilder. ERKNA vert åpen båt under dagane. Daniel er ansvarleg for ERKNA.
Styret driv med førebuing til maritim sommarfestival. Tak gjerne kontakt med Odd Arne om du har høve til å delta i år. Treng folk til ymse ting. Kjem med meir info. snart.
Vestlandsnytt kjem på slippen tysdag 8 juni klokka 1800. Ber om at medlemmar møter opp og vert med på ein presentasjon.
Det pågår diverse utbedringsarbeid på gjestebryggene i sentrum. Viktig at bryggene er klare for sommarsesongen.

Mainytt
I helga 14 - 16 mai vert det 80 tals treff på Ytre Almenningskai i Fosnavåg med underhaldning, dans etc. Kystlaget har ansvaret for å ta vare på gjestar som kjem sjøvegen. Gjestebryggene er som alltid klare.
Medlemmar frå kystlaget med Øyvind Remøy i spissen var sist veke ute på Remøya og henta ein fangstbåt frå 1906 ! Båten vart nytta av reiarlaget "Polara" og det er Charles Remøy og sonen Jim som har teke vare på båten og gitt den til HK. Desse båtane vart nytta for å kome seg ut på isen etter sel. Båten har hengt på ei sjøbud på Remøya, men har også vore nytta av og til som fritidsbåt i familia Remøy, då med påhengsar. Båten er i svært god stand trass sin høge alder. Kystlaget takker for gåva.
"ERKNA" hadde seg ein luftetur sist veke. Daniel Igesund var skipper. Planen er at "ERKNA" også skal delta ved trebåtfestivalen i Ulsteinvik til sommaren. Om nokon er interesserte i å delta i bevaring og drift av båten er det berre å ta kontakt med Daniel Igesund. Vi treng folk som har lyst til å styre med dette.
I kveld (11 mai) skal Herøy Rotaryklubb og Kystlaget sitt styre ha møte om utforming av eit eige rom for SHETLANDSFARTEN. Planen er at eit eige rom på slippen skal rome ei slik utstilling som Herøy Rotaryklubb har laga til. Kombinasjonen med ei slik utstilling og "ERKNA" som "Shetlandsbuss" er unik i Norge.

Aprilnytt
Laurdag 24 april vert det m.a. sal av boknasild på Almenningen i Fosnavåg. Der vert og båtutstilling m.m.
Styret har vedteke å kjøpe mobilkran til slippen. Krana står på slippen og er kjøpt frå Berge Maskin.
Etter styremøte i går vart det drege opp ein del liner framover. Erling vil sende ut referat på mail som vanleg.
Vi har framleis ein del flytebrygger som skal selgast. Ta kontakt med Odd-Arne. Fokus på slippen er no å få ferdig dei to romma i 3 etg. slik at utstillingar kan ferdigstillast.
"ERKNA" har fått eigen gjeng. Men der er plass til fleire. Daniel Igesund vert "fast" skipper, Per Ove passar på dagleg. Planen er at der skal kome opp eit informasjonsskilt om båten på kaia. Det er eit mål at båten skal brukast meir.
PLastbåten som har stått på slippen i vinter er no sjøsett. Vogna er difor ledig for slipping.

Marsnytt
I påska bistod folk frå kystlaget ein veteranbåt, m/kr. "STELLA", som var på veg frå Oslo til Tustna. Båten hadde fått problem med roret og måtte ligge over ei natt i Fosnavåg. Karane fekk låne nøkkel og benytta seg både av toalett og verkstad (sveising).
"Stella" er frå 1948 og har ein original Wichmann 50 AB ombord. Båten tilhøyrer no til folk i tilknyting til Geitbåtens venner / Tustna Kystlag.
Det var var "godlyd" når "Stella" forlot Fosnavåg Langfredag med kurs for Tustna. Roret heldt heilt til dei la fast ved kai, men då vart det nye problem. Gjengen takkar laget ved Jostein og Odd-Arne for flott service. M.a. taua Odd - Arne båten frå indre Almenning og bort til slippen med plastbåten sin.

Laurdag 27 var det sal av boknasild i Fosnavåg. Men grunna manglande feil i annonseringa vart det ikkje utseld. Vi tek sikte på ny dyst snarleg.

Fredag 26 stilte Odd-Arne, Robert og Jan Ove opp i studio hjå Bygderadio Vest og deltok på eit to timar longt radioprogram på direkten. God reklame for kystlaget.
Kort referat frå årsmøtet den 24 mars på slippen;
Det møtte 17 medlemmar. Rekneskap og årsmelding vart gått igjennom og godkjend. Dette skal ha vorte utsend til medlemmane på epost. Følgande styre vart valgt; Odd-Arne Arnesen (leiar), Britt Unni Sporsheim (nestleiar og kasserar), elles Jan Ove Aarvik, Kristin Leine, Daniel Igesund, Erling Sævareide og Trond Tellefsen. Varafolk; Petter Kvalsvik, Jostein Skar, Robert Voldnes, Annlaug Varhaugvik, Per Ove Djupvik. Revisor Rolf Hjelmeseth. Valnemd neste år vert Jostein Skar og Robert Voldnes.
Det vart orientert om turen til Bjørkedalen og at ein må få til eit betre samarbeid mellom kystlaga. Det var også omsnakka ein del arrangement som skal skje i Fosnavåg i år. HK må sjå på om ein kan delta på nokre av desse.
Møtet vart heldt i 3 etg. godt og varmt sidan den nye varmepumpa var installert.
SISTE sjangse no for å kjøpe BOKNASILD - i morgon laurdag 27/3 frå klokka 1100 i Fosnavåg sentrum.

Fredag 26 mars skal Bygderadio Vest ha folk i studio frå Herøy Kystlag. Dette er eit direktesendt program som går i 9 - 10 tida på kvelden. Truleg vert det Odd-Arne, Robert og Jan -Ove som tek seg ein tur.
Årsmøtet vart avhelde på slippen på onsdag. Skal kome attende med fyldig dekning.
Alle medlemmar er velkomne til ÅRSMØTET - på slippen fk. onsdag (24) klokka 1800.

Laurdag 6 mars vert det frå klokka 1000 (og utover til vi er ferdige) - flekking av sild. Om du har lyst til å ta del er det berre å møte opp på slippen.

Februarnytt
Etter styremøtet i går gjekk styret igjennom alle medlemslister og sjekka opp mobilnummer og epostar. Målet er at alle medlemmar som har epost skal være registerte.
Elles tek vi sikte på eit arrangement i april på slippen der i inviterer inn sponsorar og bidragsytarar. Viktig at folk som sponsar ser kva midlane går til. Kjem attende med tidspunkt. I samband med dette er det viktig at det store rommet på loftet og utstillingsrommet på loftet rett innfor trappa vert gjort ferdig. Planen er at Rotary skal få ha si samling frå Englandsfarten der.
Når det gjeld årsmøtet den 24 mars er planen at valnemda sitt forslag skal vere kjent for medlemmane, slik at medlemmane "torer" å kome på årsmøtet utan fare for ufrivillig verte veld inn i styret.
sjekk også www.dyrafjeld.no om du vil vere med på seilas med ei 121 år gamal skute i sommar. Oslo- Tromsø
Helga 19 - 21 mars inviterar Forbundet Kysten til samling i Bjørkedalen. Dette møtet er ope for alle medlemmar i Herøy Kystlag. Ta kontakt med Robert om dette kan være av interesse (90658517). Det er invitert inn folk frå kystlaga i heile fylket. Påmeldingsfristen går ut den 19 februar. OBS.

Laurdag 13 februar vert det ny runde med sild. Møt opp på slippen. Frå i 1000 og utover.

(Torsdag den 11 februar vart det tatt ca. 1100 sild. Silda er sponsa av Fosnavaag Seafood )
(Kaffipause på slippen torsdag den 11 februar.)
Laget har fått ein dieselvarmar frå West Plast. Denne skal nyttast til å varme opp lokale på slippen på kalde dagar, og ikkje minst når silda snart skal takast hand om.
Trond Tellefsen og Odd Arne Arnesen vert i år ansvarleg for å lage til boknasilda.
Vi treng folk. Torsdag den 11 februar er dato for dette. Frå kl. 1600 og utover - på slippen.

(Frå sildeslaget i fjor)
Vi har fått 7 nye medlemmar sidan nyttår. Der er montert nye lys i 1 etg. i den delen som skal verte snekkarverkstad. Anlegget vart i går brøyta. Mykje snø har gjort at det mest har vore uråd å ta seg fram på slippen. Trass i kaldt anlegg har der vore nokre dugnadstimar i januar.

Januarnytt
Set av datoen 24 mars klokka 1800. Då vert det hyggeleg årsmøte på slippen.
Styret jobbar med budsjett for 2010. Aktivitetar kring "Maritim Sommarfestival" og "Makrellfestivalen" vert sett på i den samanheng. Planen er å få til båttreff på vanleg måte, men også noke på slippen.
Sild. Målet er å få til boknasild i år også. Kjem attende til dette.
Styret planlegg årsmøte i mars, og kjem attende med meir informasjon etterkvart. Styret har og lyst å foreslå å gjere om strukturen på arbeidet i kystlaget, slik at det enkelte medlem får delta i ein komite som han eller ho har lyst til. Der vil bli foreslått komitear for m.a. motorar, "Erkna", båtar på land, slippen, arkiv/bilete, utstillingar, flytebrygger, heilt passiv etc. Årsmøtet vil være arena for ein god drøs kring dette. Kvar komite vil ha ein leiar som då lettare kan drage med seg dei i den aktuelle komiteen,

Første styremøte var 13 januar på slippen. Dersom du som er medlem gir oss epostadressa di, får du tilsendt referata pr. mail.

Der er dugnadar/sosialt treff på slippen som regel kvar tirsdagskveld. Der plar være folk mellom 1800 og 2100. Enkelte som ikkje har anledning å være der på tirsdagar hev seg ei tosle onsdagane.
2010 sesongen er starta.

2009

Denne nye heimesida kom i drift i november 2009.Året 2009 har vore prega av jevn aktivitet på slippen, særleg med støyping av golv i smia og ferdigstilling av selskapslokalet i 3 etg.

"Erkna" fekk litt puss på sommaren og deltok på "Trebåtfestivalen" i Ulsteinvik. Vi hadde som vanleg båttreff under "maritim sommarfestival" og "Makrellfestivalen". Sal av bokansild på våren.Ei Oslo-jolle, tilhøyrd handelsmann D.M.Vikene vart innkjøpt i november ,det same vart diverse utstyr til slippen som pallereolar og pallelyftar.

Den 19 nov. var vi på besøk på "Ishuset" i Fosnavåg. Denne sjøbuda er bygd i 1900 av fiskarlaget. Buda vart nytta til fryselager, og var soleis eit av dei første fryseria på Sunnmøre. Ein henta isen inne i fjordane (Dalsfjoren m.a.) og lagra isen i ein stor isolert silo. Seinare hadde "Magnus" reiarlaget tilhald her, og etter det Nerland reiarlaget med m.a. Nerland jr og Nerland sr. Einar Nerland viste rundt og der står ein del snacks som kystlaget skal få. Mellom anna lysmotoren med agregat etter MK "Magnus". Planen er å hente dette i løpet av vinteren / våren.

Vi vil gjerne ryde litt rundt dørene, og har derfor lagt ut for salg noko av det som ligg kring om. Sjå eigen rubrikk.
Den 17/12 vart det frå tidlegare Fosnavåg Trevare henta ein del gamle ting både frå båtar og frå produksjonen. Gjevarar er Fosnavåg Vekst AS.
I desember vart det klart at Roald Sporstøl frå Herøy Rotaryklubb vil bistå oss med å få til ei permanent utstilling over Englandsfarten. Dette høver godt sidan vi alt har ERKNA. Dette er ei utstilling som rotary vil at skal være permanent på slippen.

Styret ber om at alle medlemmar tek kontakt med styret ved sekretær slik at epostar og mobilar kan verte registrerte.
Elles vil styret ønske alle ei riktig god jul og eit godt nyttår.

Forhånd.12