Adresse: Herøy Kystlag, Pb 39, 6099 Fosnavåg
E-post: robert@voldnes.no 

 
 
 

Slippen

"Slippen" i Nørvågen er Kystlaget si base.

Intensjonen er at Fosnavåg skal ha eit museumsanlegg der utviklinga både på sjø og land i perioda frå kring 1900 og fram til i dag vert synt fram.

Bygninga vart sett opp i 1950-53 og er i betong.  Den har tre etasjer.

Første høgda inneheld "kaffibua",  utstillingsområde for motorar og utstyr knytt til mekanisk og trearbeid.  Ein båthall er bygd inntil betonghuset , opprinneleg med to sliskar (slippar), men no med ei nyare vogn for opptrekk av båtar på kring 30 fot.  Mange av lagets 21 båtar er lagra her.  Vi tek og opp andre sine båtar slik at dei kan stå under tak å pusse.

Andre høgda inneheld utstillingsområde, lager, kontor, pauserom og wc.

Tredje høgda nyttast som "feststove" og til  utstillingar av foto. 

I tillegg vert Boknasilda turka på loftet her..

Målet er å få til "ei reise i tid" der besøkande kan få sjå og oppleve utviklinga som har vore i Fosnavåg, kommuna og distriktet i denne perioda gjennom å sjå gjenstandar, båtar eller bilete og film

Den store slippvogna som stod ute vart fjerna før vi kjøpte anlegget i 2005.. Den tok i si tid opp båtar på over 100 fot. Vinsjen kjem frå tidelgare Hatlø mekaniske i Ulsteinvik.

Vi ser føre oss at eigarar av verneverdige fartøy i området, mindre snekker o.l,  næringslivet, reiselivet og ikkje minst skulane som naturlege brukarar av Slippen.

Når det gjeld reiselivet er det vårt håp at Slippen vil bli ein viktig ”magnet” for heile regionen. På Slippen vil vi dekke ei epoke som ikkje andre her ute dekkjer.

Det var sommaren 2005 at Herøy Kystlag kjøpte slippen i Nørvågen. Før det leigde vi anlegget i 6 år. Kjøpet klarte vi ved hjelp av låneopptak i Sparebanken Møre og med stønad frå Herøy Kommune og Herøy Næringforum.

Sidan då har mykje skjedd på anlegget. Der er skifta tak, sett inn mange nye vindu, oppgradert VVS, elektrisk og sanitær, drenert og asfaltert. Fasader er blitt oppgraderte og tetta.  Også kulturminnefondet har vore inne med tilskot.

Bygget har og i fleire omgongar fått ny maling både ute og inne.

Golvet i smia har blitt støpt nytt og gamle dører har blitt mura att.

Motorsamlinga til Kystlaget er vesentleg, og inneheld mange godbitar..

Det same gjeld alle båtane som laget har lagra på Slippen og ikkje minst bilder og film !

heroykystkultursenter.jpg