Adresse: Herøy Kystlag, Pb 39, 6099 Fosnavåg
E-post: robert@voldnes.no 

 
 
 

Innkomande båtar.

Laget har takka ja til å hente nokre andre båtar. Dei står førebels hjå eigarane sine:

Kajakk på Remøya

Japp på Remøya

Nordmørsbåt Bergsøya

Japp Bergsøya

Fangsbåt med motor Gjerdsvika

Japp med Listermotor Haugsbygda

Det betyr at vi har 22 båtar på Slippen, samt 6 på vent.

Livbåt . "Kvalsvik"

kvalsvik.jpg

Taff-taffen

Opprinneleg bygd som lettbåt for første Smaragd i 1946.  Etter berre eitt år vart den funnen for liten og lett og vart erstatta.

Familia på Kvamsøya gav den til oss i 2019.

tafftaff.jpg

Torvikloppa

Artig liten sak, truleg heimebygd på 60 talet.

torvikloppa.jpg

Øringen

Liten båt bygd av Asbjørn Almestad på Slippen - til eige bruk. Namnet kjem av at ein del ettøringar vart brukt til roe (klinkinga). I bruk fram til 2018.

img_4929.jpg

NAPP

Bygd av Jarle Aas på Vestnes - Kvalvik Båtbyggeri i 78.  Då som snekke med tradisjonelt overbygg.  Etter nokre få år ville eigar ha den som sjark, og då vart den omgjord til dagens utsjånad, kring 1982.

Tatt ut av fiskeri og gitt til Kystlaget som gåve i 2019 (Remøybuen).

napp.jpg

SNERTA

Truleg første formstøypte plastbåten i Herøy.

Plast Petter eller Petter Myrvoll som han heitte,  støypte båten.

snerta.jpg

Livbåt

Livbåt som har tilhøyrt Sjøfuglen frå Remøya.

Livbåt som har tilhøyrt Sjøfuglen frå Remøya.

VI ser her livbåten bak i stativet.
VI ser her livbåten bak i stativet.

NOTBÅTEN

Notbåten eller Dorryen er ein 33 fots dorry.

Den vart henta frå Vanylven i 2015.

Ikkje mange originale slike att.

Vi skal ta vare på den som original.

Det var Kirkholmen av Vartdal som først hadde den som ein av sine 2.

Vi har fått tak i ein Marna 16/24 som skal inn i båten etter kvart.

BØLGEN

Hausten 2016 henta vi BØLGEN frå Vanylven.

Denne båten var rutebåt mellom øyane her i ytre Herøy 1947 - 54. Etter det som skyssbåt mellom øyane i Sande og Vanylven i mange år.  Ein viktig båt for samferdslehistoria her på ytre søre.

Vi skal ta vare på båten som landbasert utstilling då den vil kreve stor innsats for å få sjødyktig.  Den opprinnelege maskinen står på museum i Volda (Volda 10 hk).

Gåve frå Petter G. Brekkes dødsbu.

"DUELL"

20 fots snekke. Kravellbygd frå 1952 (Skorgenes). Gåve frå Svein Sporsheim i 2012. Tidlegare eigar Isak Teige. 10 hk Sabb diesel. I restaurert topp stand ! Ligg ved flytebrygga på Slippen og vert nytta av medlemmar.

duell3.JPG

"Kallesnekka"

Kallesnekka ser vi her til venstre.
Elles ser vi Svartisen ved sidan av.  Oppe til høgre skimtar vi Blankholmbåten.
Kallesnekka ser vi her til venstre. Elles ser vi Svartisen ved sidan av. Oppe til høgre skimtar vi Blankholmbåten.

Snekke bygd i Bjørkedalen 1958. 22 fot. Overbygget vart bygd av tidlegare eigar Karl (Kalle) Myklebust.. 

Restaurering pågår.

Den første motoren ; Sabb 4/5 har vi og fått tak i. Blir vurdert om den skal inn att.

Lettbåten

Bygd på Vestnes i 1951, og har ein Slepner 9-11 bensinmotor. Båten vart gitt i gave til HK i 2002 av Øyvind Remøy mfl. Tilhøyrde "Remøyfjord" og "Sjøfuglen" reiarlaga som basbåt. Den er original og framstår i topp stand. Dette er litt skjeldan i det slike båtar vart mykje nytta som fritidsbåtar og ofte bygd om .

Båten har fått bytta ut nokre målar med bord og vorte klinka litt her og der. Nytt rorsystem er på plass. Ligg ute ved brygga på Slippen og vert nytta av medlemmar sommarsdag.

 Fangstbåten

Fangsbåt tilhøyrd "Polara" reiarlaget på Remøya, og er gitt i gåve av Charles og Jim Remøy.  Truleg er båten frå åra kring 1920.  Den har aldri hatt motor installert.  Nytta av fangsfolka på isen..

RAPP/SVARTISEN

"RAPP" - også kalla "Svartisen" var bygd i 1894 !

Har ei lengd på 27 fot, ei breidd på 10 og ei djupne på 4 fot.

Båten hadde ikkje motor frå fyrst av, men fekk inn ein Hjelseth på 4 hk. Den er seinare bytta ut med den som står der no SABB 5/9. Brukt som motorbåt og fiskebåt i Herøy.

Står i skuret på slippen.

Ein skjeldan båt i svært god stand. Målet er å ta ei lett restaurering.

Stabledorryar

Laget har to dorryar eller dorisar som mange sei. Dei var med på fiskeri på Island. I tidlegare tider hadde seglskutene og fiskedampskipa med seg slike dorryar som  ein dreiv snørefiske med - ut frå moderskipa. Dorryane er flatbotna for å kunne stablast ombord. Dei er ikkje særleg gode sjøbåtar. Dorryane vart nytta i åra før 1920. Tilhøyrde "SAGA" reiarlaget på Remøya i Herøy.

Blankholmbåten

Båten er ein storfæring frå slutten av 1890 åra. Høyrde til Blankholmfamilia i Flusund i Herøy. HK fekk båten i 1996. Den kan riggast med segl.  Er ikkje restaurert. Førebels berre lagra på land.

Borgundfjordfæring

Typisk færing frå kring 1920. 17 fot.

Dette var den første båten HK fekk. Gåve frå Haldor Sævik i 1992.

"Wikene-jolla"

"Oslo-jolle" på 18 fot frå 1939.

Oslo jolle tilhøyrd kjøpmann Daniel M. Wikene i Fosnavåg. Båten vart lite brukt. Aldri bunnsmurt. Truleg av dei aller mest originale slike båtar att. Seld til Robert Rooney mfl. , Fosnavåg på 1980 talet. Kjøpt av HK 2009.

Knutsen-båten

Open motorbåt. Tihøyrte fam Knutsen på Leinane i Herøy.

Motoren er ein REAL bensinmotor.

Gåve frå Per-Ronald Knutsen.

12Neste