Oppdatert 3 september 2010
Velkomen til Herøy Kystlag sine heimesider.
Herøy Kystlag (HK) vart stifta i 1991.
Opprinneleg var tanken at dette skulle vere ein modellbåtklubb for dei som dreiv på med slikt i Herøy. Men det enda opp med at det vart eit vidare perspektiv på laget med fokus på kystkultur, og difor vart kystlagstanken ”sementert”. Laget vart innmeldt i "Forbundet kysten" i 1994.
Dei som i første rekkje drog i gong kystlaget i 1991 var Victor Arnesen og Sveinung Kopperstad. Victor vart også laget sin første leiar.
Pr. mars 2010 har HK ca. 80 medlemmar.
Herøy Kystlag sine aktivitetar er retta inn mot bevaring og drift av dei båtar, motorar og gjenstandar vi eig, drift av Fosnavåg Gjestebrygge og restaurering og utvikling av slippen i Nørvågen (Fosnavåg Kystkultursenter). Kystlaget deltek også kvart år ved Fosnavåg maritime sommarfestival, og Makrellfestivalen.
Sidan vi her i kommunen har Herøy Kystmuseum som tek seg av tida fram til "motorbåtalderen", har Herøy Kystlag sidan starten konsentert seg om "motorbåtalderen". Dette passar også godt i det vår base "slippen" er plassert på indre Fosnavåg havn, ei havn som utvikla seg sterkt i takt med nettopp motoren sitt inntog i fiskebåtane.
Alle som har interesse for kystkultur kan melde seg inn i Forbundet Kysten og Herøy Kystlag som lokallag.
Innmelding gjer ein enkelt ved å gå inn på Forbundet Kysten sine sider (sjå link) eller sende ein epost til web.ansvarleg Robert Voldnes i Herøy Kystlag (robert@voldnes.no)
Årskontingenten til Forbundet Kysten er kroner 400.- Av desse går ein del attende til lokallalaga. I tillegg til sjølve medlemsskapen får ein også Kysen til flotte medlemsskriv.
Fram til årsmøtet i 2011 er administrativ leiar - Odd-Arne Arnesen (99502005), nestleiar/kasserar er Britt Unni Sporsheim (97 67 41 25). Elles i styret finn du; Erling Sævareide, Trond Tellefsen, Daniel Igesund, Kristin Leine, Jan Ove Aarvik.
|
Herøy Kystlag si base på slippen i Nørvågen november 2009. |

