Anlegget vårt i Nørvågvegen 35

Slippen i Nørvågen.

Den gamle “Slippen” i Nørvågen er Kystlaget si base.

Intensjonen vår er at Fosnavåg her skal ha eit “kystkultursenter” der utviklinga både på sjø og land i perioda frå kring 1900 og fram til i dag vert synt fram.

Bygninga vart sett opp i 1950-53 og er i betong.  Den har tre etasjer.

Første høgda inneheld kiosk, toalett, utstillingsområde for motorar og utstyr knytt til mekanisk verksemd.  I båthallen som er bygd inntil betonghuset har vi ei nyare vogn for opptrekk av båtar på kring 30 fot.  Mange av lagets eigne båtar er lagra her.  Vi tek og opp andre sine båtar slik at dei kan stå under tak for kortare vølingsperioder.

Andre høgda inneheld utstillingsområde, lager, kontor, og wc. Eit eige “krigsrom” med utstillingar over ting som skjedde her i området under siste krig er også på gong.

Tredje høgda nyttast som “feststove” og til  utstillingar av foto. Denne høgda kan leiagast på line med kafeen nede til ulike arrangement.

Målet er å få til “ei reise i tid” der besøkande kan få sjå og oppleve utviklinga som har vore i Fosnavåg, kommuna og distriktet i denne perioda gjennom å sjå gjenstandar, båtar eller bilete og film.

Den store slippvogna som stod ute vart fjerna før vi kjøpte anlegget i 2005.. Den tok i si tid opp båtar på over 100 fot. Vinsjen har vi tatt vare på – den kjem frå tidelgare Hatlø mekaniske i Ulsteinvik og kom til Slippen på 1970 talet.

Når det gjeld reiselivet er det vårt håp at Slippen vil bli ein viktig ”magnet” for heile regionen. På Slippen vil vi dekke ei tidsepoke som ikkje andre her ute dekkjer.

Det var sommaren 2005 at Herøy Kystlag kjøpte slippen i Nørvågen. Før det leigde vi anlegget i 6 år. Kjøpet klarte vi ved hjelp av låneopptak i Sparebanken Møre og med stønad frå Herøy Kommune og Herøy Næringforum.

Sidan då har mykje skjedd på anlegget. Der er skifta tak, sett inn mange nye vindu, oppgradert VVS, elektrisk og sanitær, drenert og asfaltert. Fasader er blitt oppgraderte og tetta.  Også kulturminnefondet har vore inne med tilskot i lag med Møre og Romsdal Fylkeskommune og Uni-stiftelsen. Særleg må og Sparebanken Møre nemnast med større tilskot i fleire omgongar.

Bygget har og i fleire omgongar siste åra fått ny maling både ute og inne.

Motorsamlinga til Kystlaget er vesentleg, og inneheld mange godbitar. Det same gjeld alle båtane som laget har lagra på Slippen og også store mengder bilder og film som har blitt innsamla.

I 2022 vil der foregå arbeid knytt til ferdigstilling av “brann og røming”.  Målet er at vi i løpet av 2022 skal få bygget godkjent til forsamlingar og utstillingar.

Om Herøy kystlag