
Når ein ferdast langs kysten, ligg Fosnavåg midt i leia, like nord for Stadt.
Fosnavåg Gjestebrygge er eigd av Herøy Kystlag og består av tre bryggeanlegg i ytre havneområde av Fosnavåg. Også utsida av betongbrygga ved Thon Hotel Fosnavåg høyrer til dette anlegget og kan nyttast av gjestar.
I Fosnavåg sentrum finn ein stor kolonial (Meny), dei fleste typer butikkar, frisørar, post i butikk (Meny), restaurantar, hotell, kafeear, kioskar, minibankar og vinmonopol.
Eit besøk til det nye badelandet «Sunnmørsbadet» i Fosnavåg er eit besøk verdt.
Elles er der og mange fine fjelltoppar å gå på for dei som likar det
Diesel får du i enden av bryggeanlegget. Her er nye pumper med bankkort-automat. Bensin får ein også i området.
På bryggene er der sjølvsagt straum og vatn.
Fosnavåg Gjestebrygge vart etablert i 2002. Inntektene går til vedlikehold og drift av anlegget og elles til kystlaget sine øvrige aktivitetar.
Betaling og registrering kan anten gjerast i resepsjonen på THON HOTEL , eller i Marina GO appen, eller Vipps – Herøy Kystlag.
Velkomen !!